Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Veg og park

Vakttelefon

Utanom vanleg kontortid. 916 66 808

Brøyting

Dersom du har spørsmål om brøyting kan du ta kontakt med Servicetorget på dagtid. Dei vil hjelpe deg å finne rette vedkomande og formidle informasjon og beskjedar vidare.

Brøytevakt Ål kommune (utanom vanleg kontortid) -  916 66 808 på laurdagar og sundagar og etter vanleg kontortid,
dvs mellom  kl 15 og 07 på kvardagar.

Vintervedlikehald

 

Vegar i Ål kommune

Riksveg 7 og fylkesvegar har Statens vegvesen ansvar for:

Fylkesvegar: 

  • Torpo aust til Lienkrysset og opp til Lien landbruksskule og Liahagen (fv 240)
  • Torpo vest til Opheimskrysset og til Opheim og Barskrind (Fv 242)
  •  Gullhagen – Leveld – Vats til slakteplassen (Nordbygdvegen) (Fv 244)
  • Frå avkøyring Ål sentrum til Ål jernbanestasjon
  • Frå avkøyring til ferieparken opp til skuletoppen og videre til Øvre Ål og Kvinnegardslia (Fv 246 og 247)

Her er liste over kommunale vegar

Her er liste over kommunale gangvegar

Øvrige vegar er private.

Ladestasjon for el-bil

Ladestasjon for el-bilar er plassert på parkeringsplassen vest for Statoil.Den har type Chademo, Combo og Flexi.
Det er Grønn Kontakt som driftar ladestasjonen og ein kan lade via mobil og eige ladekort som kan kjøpast hjå Grønn Kontakt.

For ytterlegare info er det mogeleg å ta kontakt med  Grønn Kontakt på telefon 476 70 800

 

Kritiske punkt ved snøsmelting og regnvær

Ål kommune har fått utarbeidd ein rapport som viser kritiske punkt i bratte vassdrag. Desse kritiske punkta må sikrast ettersyn og drift i form av store nok stikkrenner, i form av reinsk av vassvegar eller vurdering av sikringstiltak.  Ål kommune tek ansvar for dei kritiske punkta som ligg på kommunal grunn eller som direkte gjeld stikkrenner under kommunale vegar. Ål kommune har difor bytta ut mange av sine stikkrenner dei siste åra for å unngå oppstuving og fare for at smelte- eller regnvatn finn nye vegar og gjer skade. Det er viktig å vere merksam på at det er huseigar/grunneigar som har fullt ansvar for dei punkta som ligg på privat grunn, ved private vegar og private avkøyringar.  For å unngå skade på vegar og bygningar må huseigar/grunneigar/vegeigar følgje med på desse kritiske punkta i samband med snøsmelting og regnvær.

 Rapporten kan du lesa her

Kartvedlegga til rapporten