Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kart og oppmåling

Ål kommune skal sjå til at eigedomsgrenser for grunneigedomar og festegrunn vert nøyaktig merka, målt og kartfesta. I tillegg skal kommunen føre oversiktleg register over grunneigedom og festegrunn, og data knytt til desse.

Deling av parsell til ny grunneigedom

Ny matrikkellov kom 01.01.2010. Det er viktig å setja seg inn i lova, i tillegg til kommuna sine planbestemmelser for eigedomen, før ein søkjer om deling. (Servicetorget kan hjelpa deg med å finne rett plan og føresegner for eigedomen).

Søknad om deling (Plan- og bygningslova/ Jordlova) vert handsama av byggesak/landbruk ved Utviklingsavdelinga.
Søknaden sender du til Ål kommune, Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 Ål eller pr e-post.

Legg ved søknaden:

Grensejustering/Makebyte

Matrikkellova §16 og Matrikkelforskrifta §34

Dersom det er ynskje om å justere grensa mellom to naboeiendomar slik at den samsvarar bedre med bruk og terreng etc. er det fleire løysingar.

Einsidig grensejustering

  • inntil 5% av minste eigedom sitt areal (maksimalt 500m²) kan overførast frå ein eigedom til ein annan.

Tosidig grensejustering/makebyte

  • inntil 20% av minste eigedom sitt areal kan overførast mellom involverte eigedomar. Netto arealendring kan ikkje overstige 5% (maksimalt 500m²).

Det er ikkje krav om søknad etter plan og bygningslov for grensejustering, men grenser etter justering kan ikke stride mot gjeldande arealplanar i området. I så fall må saka handsamast etter jordlov og plan- og bygningslov.

Kart som syner kva ein ynskjer å justere må liggje ved rekvisisjonen.

Det er viktig å merke seg at arealendringar for grensejustering er kumulative. Ein kan ikkje justere 5 % ein gang, for så å justere meire ved seinare høve.

Klarlegging av eksisterande eigedomsgrenser

Matrikkellova §17 og Matrikkelforskrifta §36

Viss du er usikker på kor grensene for eigedomen din går, eller viss eigedomen er oppretta for mange år sidan, kan du rekvirere oppmålingsforretning med sakstype "Klarlegging av eksisterande eigedomsgrenser". Rekvisisjon av oppmålingsforretning, etter lov om eigedomsregistrering (matrikkellova), vert handsama av oppmålingsingeniørane ved Utviklingsavdelinga.

Rekvisisjonen sender du til Ål kommune, Utviklingsavdelinga, Torget 1, 3570 Ål, eller pr e-post.                                                     

Legg ved:

  • Kartutsnitt i målestokk. Dette får du hjå Servicetorget, eller du kan ta det ut her: Kommunekart
  • Kopi av målebrev eller skylddelingsforretning/skyldskifte. Ta kontakt med ein av oppmålingsingeniørane dersom du ikkje har dette.
  • Kopi av festekontrakt
  • Kopi av jordskiftesaker
  • Kopi av målebrev
  • Andre dokument som gjeld saka

Nødvendig nabovarsling vert gjort av kommunen ved innkalling til oppmålingsforretninga.

Deling av parsell frå uregistrert jordsameige

Eit uregistrert jordsameige er areal som fleire eigedomar eig saman. Sameiget har ikkje eige gnr/bnr, men er ført opp med gnr/bnr på alle eigedomane som inngår i sameiget.

Eit registrert jordsameige er også areal som fleire eigedomar eig saman, men her har sameiget eige gnr/bnr -som igjen er eigd av grunneigedomane i sameiget.

Miljøverndepartementet har i prinsipputtale av 22.06.2012 slått fast at det som hovudregel ikkje er høve til å dele frå areal frå eit uregistrert jordsameige. Uregistrert jordsameige må vere registrert i matrikkel og i grunnbok før det kan delast frå nye parsellar.

Når jordsameiget vert registrert i matrikkelen får det eige gnr/bnr.

For å få registrert jordsameiget i grunnboka krev tinglysinga at fordeling av andelane i sameiget er avklara ved ei rettsleg avgjerd.

Øvre Buskerud jordskifterett må kontaktast for å få ei rettsleg avgjerd på fordelinga av andelane.

Skjema i samband med deling/grensejustering og oppmåling

Lovverk

Karttenester

I tettstadene har me digitale kart med 1 m høgdekurver. Resten av kommunen, unnateke dei høgaste fjellområda, er dekt av økonomisk kartverk. Hovudsakleg i målestokk 1: 5000 med 5 m høgdekurver. Desse karta finst òg i rasterformat. I dei høgste fjellområda finst berre karta i serien Norge i 1:50.000. Kommunen har heildekkande eigedomskart der omlag 85% av alle eigedomane er registrerte. Treng du kartutsnitt ta kontakt med Servicetorget.

Turkarta Reineskarvet og Veståsen / Sangefjell, og Tettstadskart over Sundre og Torpo, kan kjøpast hjå Servicetorget og i forretningar i Ål.

Sal av digitale kartdata

Ved sal av digitale kartdata ber me om at du opplyser om utstrekniga av området du ynskjer kartdata over.
Digitale kartdata vert prisa etter eksisterande avtale med Geovekstpartar.
Bestilling av digitale kart gjer du hjå: Torleiv Torgersen, tlf. 32 08 50 72

Kontaktinformasjon

Ål kommune Servicetorg, tlf. 32 08 50 00

Oppmålingsingeniør Bodil Hallset, tlf. 32 08 50 68

Oppmålingsingeniør Anne-Marit Rusås, tlf. 32 08 50 66