Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Gebyrsatsar

Gebyrsatsar og generelle reglar

Generelle reglar 

1.1 Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr etter satsar og retningsliner som framgår av regulativet. Gebyrkravet vert retta mot tiltakshavar hvis vedkomande står som bestiller og elles mot rekvirent. Saksgebyr etter plan- og bygningslova skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslått. 
 
1.2 Kva regulativ skal brukast

Gebyra skal utreknast etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein tilfredsstillande melding, søknad, eit komplett planframlegg, eller den dato kommunen gir pålegg i ei sak om ulovlege byggearbeid/tiltak etter plan- og bygningslova. 
 
1.3 Betalingstidspunkt

Alle gebyr skal betalast til kommunen etter faktura. Betalingsfristen er 30 dagar etter fakturadato. Ved for sein betaling kan kommunen kreve eit purregebyr på 10 % av rettsgebyret. Må kommunen purre fleire gonger, skal kommunen i tillegg til purregebyr kreve morarente fastsett av kommunestyret i samsvar med årsbudsjettet. 
 
Byggesaksgebyr skal vere betalt innan det gis igangsettingsløyve eller rammeløyve. Gebyr for delingssaker og dispensasjonssaker skal vere betalt før saka blir igangsett. Gebyr for planar, konsekvensutgreiingar og planendringar skal vere betalt før 1. gongs handsaming i det faste utvalet for plansaker. Gebyret per godkjent ny tomt i samsvar med stadfesta reguleringsplan skal betalast etter at planen er godkjent i kommunestyret.  
 
1.4 Urimeleg gebyr

Kommunestyret delegerer til rådmannen å fastsette gebyret i den einskilde sak på grunnlag av dette regulativet. Rådmannen kan fråfalle gebyr i kurante småsaker, eller redusere gebyret når det verkar urimeleg i høve til det arbeid saka medfører. Dersom ein kunde av forskjellige årsakar har betalt for mykje gebyr, skal kommunen så snart tilhøvet er klarlagt attendebetale for mykje betalt gebyr. Det kan ikkje krevjast rentetillegg av for mykje betalt gebyr. 
 
1.5 Klage

Det er ikkje høve til å klage på kommunestyrets vedtak om gebyrregulativ, berre på einskildvedtak gjort i medhald av regulativet. Ved klage skal forvaltningslovas regelverk følgjast. Fylkesmannen er klageinstans.
 
1.6 Fritak for gebyr

Bygg- og anleggstiltak i regi av religiøse eller humanitære organisasjonar som vesentleg vert finansiert via innsamla midlar eller dugnadsinnsats. Fritak for gebyr etter dette punkt skal handsamast av Sektorutval for teknisk, næring og ressurs. 

1.7 Avbrote arbeid

Når ein tiltakshavar/rekvirent trekker søknad eller på anna måte forårsakar at kommunens arbeid må avbrytast eller avsluttast før det er fullført, skal det betalast ein andel av tilhøyrande gebyr tilsvarande det kommunen har utført eller må utføre. 
 
1.8 Udekka krav 

Dersom utviklingsavdelinga har ei forfalt fordring overfor ein søkjar, skal ein eventuelt ny søknad ikkje handsamast før det udekte kravet er betalt eller det er stilt sikkerheit for kravet.
 
1.9 Endring av regulativet eller gebyrsatsane

Endringar av gebyrregulativet vert normalt vedteke i samband med kommunestyrets behandling av budsjettet for komande år. 
 
1.10 Betaling etter medgått tid

For tenester som kommunen kan krevja betaling for i medhald av plan- og bygningslova og delingslova, og som ikkje er spesifisert i regulativet, kan kommunen krevja gebyr på basis av medgått tid.

Gebyrsatsar

Gebyra dekkjer handsaming av løyve etter “Forskrift om begrensning av forurensing”, handsaming etter eventuelle lokale forskrifter og handsaming av avløpsanlegg etter Plan og Bygningslova. Gebyra dekkjer kontrolltiltak og tilsyn for å sikre at  forskriftene, eller vedtak i medhold av forskriftene, vert helde. Tilsynet  dekkjer vidare nødvendige synfaring under handsaming av slike saker.
 
Gebyra dekkjer eitstegs løyve etter plan- og bygningslova, men ikkje tilsyn med drift av slike anleg
 
a)  Timepris kontor kr 900.-

b) Timepris felt kr 1 100.-

c) Tilsyn av små avløpsanlegg < 50 personekvivalenter (pe), kap 12 pris årleg gebyr  kr 500.-

d) Tilsyn av større private avløpsanlegg  50-2000 pe, kap 13 fakturert etter medgått tid

e) Tilsyn oljeutskillere fakturert etter medgått tid

f) Saksbehandling VA-plan fakturert etter medgått tid

g) Saksbehandlingsgebyr for behandling av utslippssøknad <50 pe kr   8 000.- 

h) Saksbehandlingsgebyr for behandling av utslippssøknad  50-2000 pe fakturert etter medgått tid

Gebyra under pkt. 2 dekkjer ikkje kostnader ved annonsering av slike anlegg. Slike kostnader må tiltakshavar sjølv dekkje.