Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

KAV - Hallingdal

KAV - Hallingdal, Kommunalt avløpstilsyn og vassområde Hallingdal

       

  

Sida er under utarbeiding

 

Innleiing 

Felleskontoret, forkorta KAV Hallingdal, er eit vertskommunesamarbeid mellom Flå, Nesyen, Gol, Hemsedal og Ål, der Ål er vertskommune. Kontoret er plassert på Torpomoen, i andre etasje i det nye bygget. Adresse: Torpomoen 27, 3579 TORPO.

Kommunane har ansvar for og plikt til å fylgje opp alle løyver, samt føre tilsyn for å hindre forureining. KAV Hallingdal har fått delegert mynde og skal føre tilsyn med eksisterande avløpsanlegg. KAV Hallingdal har også overteke ansvaret for sakshandsaming av utsleppsløyver etter Forureiningslova og etablering av avløpsanlegg etter Plan- og bygningslova for kommunane.

Søknader om utsleppsløyve skal som før sendast inn til den kommunen tiltaket er i. Søknadane vil så bli overført til sakshandsamar ved KAV Hallingdal som behandlar søknaden på vegne av kommunen. Søknaden vert arkivert i byggesaksarkivet på din eigedom i «heimkommunen».

Spørsmål om sakshandsaming kan rettast til kommunen din som tidlegare, eller til sakshandsamar ved KAV Hallingdal. 

Private avløpsanlegg

Alle avløpsutslepp krev i utgangspunktet løyve til utslepp. Fritidsbustadar og bustadar utan innlagt vatn og utan utslepp av avløpsvatn frå toalettløysingar som utedo, biologisk toalett og forbrenningstoalett, treng ikkje løyve.

Utslepp som berre inneheld gråvatn, trenger berre løyve dersom einingane som er kopla på utsleppet, har innlagt vatn.

Bustadar og fritidsbustadar som ikkje har innlagt vatn og som ikkje slepp ut avløpsvatn frå klosetter, trenger vanlegvis ikkje løyve. Skulle gråvatnet likevel vera av ein slik karakter at det kan føre til nemneverdig skade eller ulempe, kan kommunen likeins krevja søknad om utsleppsløyve etter forurensningslovens § 8. 

Dersom det vert søkt om utsleppsløyve for fleire bustadar i same område, bør du vurdere om det finst planar eller er behov for å lage ein plan for området.

Kven må ha utsleppsløyve?

Alle bygningar med innlagt vatn og som ikkje er knytt til kommunalt avløpsanlegg, skal ha utsleppsløyve.

Dette gjeld ikkje for anlegg som er frå 1972 eller tidlegare og som ikkje er rehabilitert eller vesentleg utvida seinare. Kommunen kan likevel stille krav om oppgradering av desse gamle anlegga. Bygningar utan innlagt vatn (sisterne mindre enn 25 liter) trenger ikkje utsleppsløyve. Unntaksvis er om det blir etablert tett tank for toalett avløp. 

Korleis søke?

Søknad om utslepp skal sendast til kommunen.

Du som eigar er ansvarleg for at det vert utarbeidd ein skriftleg, fullstendig søknad, som inneheld naudsynte opplysningar som vil vere av betyding for kommunen, jf. Forureiningsforskrifta § 12-4.

Som oftast vil det vere eit røyrleggarføretak, eit entreprenørfirma eller eit konsulentfirma som utarbeider og sender inn søknad til kommunen.

Privatpersonar kan ikkje sjølv søke om utsleppsløyve.

  • Du som er eigar og brukar av anlegget vil i søknaden ha funksjonen "tiltakshavar".
  • Søknaden om utsleppsløyve må fremjast av ein ansvarleg søkjar. Dette må vera ein fagperson som også skal vera bindeledd mellom deg og kommunen.
  • Ansvarleg søkjar må oppfylle krava som er sett i plan- og bygningslova og Byggesaksforskrifta.

For søknad om byggjeløyve gjeld krava i plan- og bygningslova om godkjenning av føretak og ansvarsrett.

Enkelte vedlegg til søknaden må utarbeidast av fagkunnige. Dette er fyrst og fremst:

  • dokumentasjon på at avløpsreinseanlegget vil klare dei krava til utslepp som søknaden legg opp til,
  • dokumentasjon på at eventuelle drikkevasskjelder ikkje vil bli påverka av utsleppet.

Viktige forskrifter i forhold til utslepp av avløpsvatn: 

 

Ansvarleg søkjar sender utslippssøknaden med alle nødvendige vedlegg til kommunen. Hugs alle underskrifter! Kommunikasjon med kommunen frå dette punktet skal i utgangspunktet skje gjennom ansvarleg søkjar.

Om du ikkje får tilbakemelding fra oss i løpet av 3 veker, ta gjerne kontakt og sjekk opp om saken har kome inn til oss. Ta gjerne kontakt om noko er uklart eller du har spørsmål!

 

Når må du søkje om løyve?

Når det er utslepp av sanitært avløpsvatn frå hytter, bustadhus og liknande som ikkje kan koplast på offentleg avløpsnett.

Det må søkjast om utsleppsløyve:

  • før etablering av eit nytt utslepp av avløpsvatn - f.eks. ved bygging av ny bustad eller fritidsbustad, eller om du skal legge inn vatn i ein eksisterande fritidsbustad,
  • før vesentlig auke av utslepp – ved større påbygg på hus/hytte eller f.eks. om du etablerer ny hybel med eige bad eller toalett i huset ditt,
  • før det vert gjort utvendige endringar på det eksisterande anlegget - f. eks. ved pålegg om utbetring av eldre anlegg, pålegg om å bygge nytt, endre eksisterande anlegg med nye faktorar eller flytte punktet for utslepp.

Du finn meir informasjon om søkeprosessen her:  https://www.miljodirektoratet.no/myndigheter/avlop/saksbehandling/soknad-til-kommunen/ 

Søknadsrettleiar for utsleppsløyve

Viktig informasjon til søkjar

Søknadskjema for utsleppsløyve

Her finn du søknadskjema på nynorsk og bokmål for utsleppsløyve og lenke til side med vedlegg som kan brukast i søknadsprosessen.  

Søknadsskjema, utslepp av avløpsvatn, nynorsk.docx

Søknadsskjema, utslipp av avløpsvann, bokmål.docx

 

Om oss

Tilsette ved kontoret 

Tilsyn med avløpsanlegg 

Tilsynsgebyret

Kommunestyret har vedteke å legga om gebyret for tilsyn på private avløpsanlegg. Tidlegare er det fakturert for enkelttilsyn i etterkant av tilsynet, men frå 2020 er det innført årleg gebyr. Det betyr at alle som har innlagt vayn og har privat septiktank eller avløpsreinseanlegg som tener mindre enn 50 personar, skal betale årleg tilsynsgebyr.

Beløpet for tilsynsgebyret er kr 250,- og vil bli fakturert i 2020.

Dette gebyret er med på og finansiere kontoret sitt arbeid med opprydding i spreidd avløp, samt tilsyn og kartlegging av avløpsanlegga som er godkjent i vårt område. 

Meir info

Gebyrsatsar

Lenker

Ofte stilte spørsmål