Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Utvalt kulturlandskap Leveld

 Gurigard, Leveld. Foto: Jørn Jensen

Refotografering

Sommaren 2020 refotograferte Oskar Puschmann kulturlandskapet i Leveld.
Når fotomaterialet er klart vil bilda leggast inn på denne nettsida:
https://uklfoto-utvikling.ra.no/ukl

Der vil du og finne refotografering av dei andre utvalde kulturlandskapa i Norge.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Formålet med Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er å sikre eit utval av godt bevarte kulturlandskap. Områda skal ha store kulturhistoriske, biologiske og økologiske verdiar, representere variasjonen av kulturlandskap knytt til jordbruket og utgjere heilskapleg landskap med struktur og innhald forma av langvarig drift.

Leveld vart i mai 2017 valt ut som eitt av ti nye område etter formell utveljing av Klima- og miljødepartementet (KLD) og Landbruks- og matdepartementet (LMD). Desse verdiane vart lagt til grunn:

  • Leveld i Ål er ei bygd med tun på rekke i dalsida. Bygda har god bevart struktur med teigdelt innmark, steingjerde og rydningsrøyser
  • Eit av særprega til Leveld er at beitemarkene er samanhengande frå bygda til heimstølane. Dei smale teigane strekkjer seg frå dalbotnen og oppover til utmarka, frå ca. 700 - 950 moh.
  • Jordbrukslandskapet i Leveld er ein god representant for fjellbygdene i Buskerud og fortel ein viktig del av jordbrukshistoria i fylket.

Leveld er ei levande jordbruksgrend i Nordbygdene i Ål, i ein sidedal til hovuddalføret Hallingdal. Grenda ligg om lag 15 km frå kommunesentrumet Sundre. Her er om lag 50 bruk og totalarealet er på rundt 6700 daa. Side 2 av 2

Lenker: 

Utvalde kulturlandskap i landbruket

http://www.steinssletta.no/

Dokument:

Forvaltningsplan Leveld 2008 del 1.pdf

Forvaltningsplan Leveld 2008 del 2.pdf

Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i Buskerud - ti år etter.pdf

NIBIO_RAPPORT_2016_2_116_Tilstandsvurdering av kulturlandskapet i Telemark og Buskerud.pdf

Nyhetsbrev_juli_2017_utvidelse.pdf

Oppdatering naturtypelokaliteter2012_Biologisk mangfold kartlegging_Ål.pdf

Utvalgte kulturlandskap i jordbruket - nye områder 2017-2020 - Tilråding til LMD og KLD.pdf