Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2019

Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Vallogo 2019

Kommunestyre- og fylkestingsval

Hausten 2019 er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Valdagen er måndag 9. september 2019

Opningstida i vallokalet er klokka 10.00 - 20.00
Å
l har tre røystekrinsar: 

Leveld
Torpo
Sundre

Om du ikkje har høve til å stemme på valtinget kan du stemme på førehand.

Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på regjeringa sine temasider valg.no

Godkjente lister

Lister og kandidatar til kommunestyrevalet 2019 - Ål kommune

Valstyre

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Ål kommune sitt valstyre for perioda 2015 - 2019 har 7 medlemar:

Medlemmer: Personlege varamedlemar:
Solveig Vestenfor, Ap 
Dagfinn Bøygard, Ap 
Ole Egil Trintrud, Sp 
Torleif T. Dalseide, V 
Torhild Helling Bergaplass, H 
Ingeborg Kaslegard Frydenlund, Krf 
Ida Marie Holen, Frp  

Møteinnkallingar og -protokollar for valstyret finn du her: 

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Ål 
Torget 1
3570 Ål

Epost: postmottak@aal.kommune.no 
Telefon: 3208 5000

Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valførebuing er Tove Østingsen

Stemmerett og manntall

Stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsval har: 

Norske statsborgarar 
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som er, eller nokon gang har vore, folkeregistrerte som busett i Noreg  

Statsborgarar i andre nordiske land 
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er folkeregistrerte som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret   

Andre utanlandske statsborgarar 
som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore folkeregistrerte som busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen

Du kan ikkje ha mista stemmeretten etter Grunnlova sin § 53. 
For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune. 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Alle med stemmerett vert automatisk innført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busette per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har stemmerett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Ål kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli i valåret og til og med valdagen på følgjande stader:

- Servicetorget på Tingstugu
- Ål bibliotek

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel stemme på førehand i Ål, men du kan ikkje stemme i Ål på sjølve valdagen.

Manntalet vert gjort tilgjengeleg for Ål kommune 1. juli.
Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve. Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast.
Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve.

For veljarar busett i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gong dei siste ti åra, vert du automatisk innført i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje nyttar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 9.september klokka 21.00.
Du kan søkje i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn her: 
Søknadsskjema for innføring i manntalet (lenke kjem!)

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å oppgje namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan ôg bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

Førehandsrøysting

Om du ikkje har høve til å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand.

Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen.
Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet fram til fredag 6.september.   
Viss du stemmer i ein annan kommune enn den du er registrert som busett i, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane til din kommune. 
Du får då utdelt ein stemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på.

Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eigen kommune.
Det same gjeld om du stemmer utanfor fylket ditt i fylkestingsvalet.

Viss du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du er manntalsført er du sjølv ansvarleg for å vere ute i så god tid at stemmen din når fram pr. post til heimkommunen din innan vallokala stenger på valdagen!

Tidlegrøysting

Du kan stemme frå 1. juli viss du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Ål kontakte Servicetorget og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsrøysting

Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 6. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsstemmer. I Ål kan du stemme på førehand på Servicetorget på Tingstugu i ordinær opningstid:
måndag til fredag kl. 09 – 15

I tillegg vert det halde ope for førehandsrøysting:
Tidspunkt kjem seinare

Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer på førehand i eigen kommune i perioden 10.august - 6.september.

Her kan du lese meir om framgangsmåten når du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du bur.

Ål Helsetun

Kommunen tek imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar.
På Ål Helsesenter og Hallingdal sjukestugu er det førehandsrøysting ein dag omlag ei veke før valdagen.

Dei som bur i trygde- og omsorgsbustader og dei tilsette kan og stemme på førehand denne dagen.

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 

Dersom du får samtykke i å stemme heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der. 
Søknad om å få stemme heime må vere komen til valstyret seinast torsdag 5 .september. 

Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Ål
Torget 1

3570 Ål

Søknaden treng ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Servicetorget på 3208 5000 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime.

Stemme i utlandet

Veljarar som oppheld seg utanlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå fredag 1. juli. 
Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan dagen etter valdagen 9. september kl. 17.
Hugs difor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje nytta valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet.

Du kan og sende stemmen din i brev.
Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).

Stemme i vallokale i eigen kommune - slik gjer du  

lenke kjem seinare

Endre på stemmesetelen - slik gjer du

lenke kjem seinare

Fylkestingsvalet

Val til fylkestinget vert halde samstundes med val til kommunestyret, og skal spegle den nye fylkesinndelinga som trår i kraft frå 1. januar 2020.

Valet i 2019 skal haldast som om grenseendringa allereie er gjennomført. Dette gjeld alle kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av samanslåingar, grensejusteringar og deling. 

Det betyr at innbyggjarane i Akershus, Buskerud og Østfold skal velgje sine representantar til fylkestinget i nye Viken fylkeskommune.

Du kan lese meir om val til fylkestinget her:

Buskerud fylkeskommune: www.bfk.no

Viken fylkeskommune: www.viken2020.no

Valresultat Stortingsval 2017

På sida Valgresultat.no finn du oversikt over resultata frå valet 2017

Kommunestyret 2015-2019