Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam er eit koordinerande organ som straks trer i funksjon når alvorlege situasjonar oppstår, som til dømes ved alvorlege ulukker, dødsulukker, sjølvmord, drap, ved sjukdom og død der det er særskilte behov, og ved andre livshendingar som krev særskild oppfølging.

Kontakt: Lege og/eller politi som er kalla ut til ei uventa hending eller er på skadestaden, vurderer om psykososialt kriseteam skal kontaktast. Lege/politi kan varsle leiar for psykososialt kriseteam direkte, eller dei kan be om at Hallingdal  legevaktsentral varslar leiar for psykososialt kriseteam. Kriseleiinga i kommunen kan og varsle psykososialt kriseteam.  

Målsetting:  Alle som bur og oppheld seg i Ål kommune, og som av ulike grunnar kjem i alvorlege livskriser, skal gjennom  psykososialt kriseteam sikrast medmenneskeleg og kompetent kontakt. Psykososialt kriseteam skal medverke til å styrke sin kunnskap om og evne til å gje sorg- og krisehjelp.

Organisering: Kommunalsjef for helse og omsorg har ansvar for å opprette eit psykososialt kriseteam i kommunen. Psykososialt kriseteam ligg direkte under kommunalsjefen og rapporterer til han og hans stab.

Prest/kyrkjekontoret: 32 08 61 61