Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Grunnskuleopplæring for vaksne

Vaksne har rett til grunnskoleopplæring:

  • dersom dei ikkje har fullført 10-årig grunnskule
  • dersom dei ikkje har fullført 9-årig grunnskule
  • dersom dei ikkje har fullført 7-årig folkeskule
  • dersom dei manglar enkeltfag
  • dersom dei kjem frå eit anna land og manglar heilt eller delvis grunnskule
  • dersom dei har 7-årig folkeskule og ynskjer grunnskuleopplæring  

Andre grunnar: 

  • lese og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • ynskjer å forbedre karakterar på gamle vitnemål frå grunnskulen.  

Fullført grunnskule gir rett til videregåande opplæring. 

Du kan velge mellom eitt eller fleire av desse faga:

  • Norsk
  • Matematikk
  • Engelsk
  • Natur- og miljøfag
  • Samfunnsfag (historie, geografi, samfunnskunnskap)  

IKT (data) er hjelpemiddel i undervisninga. 

Det blir satt  i gang undervisning i eitt eller fleire  av desse faga, avhengig av ynskjer frå dei som søkjer opplæring. Undervisninga vert sett i gang med atterhald om at det melder seg tilstrekkeleg antall elevar.

Undervisinga er gratis. 
Undervisingsstad: Læringssenteret Gol.

For innvandrarar og flyktningar: Det er ein føresetnad for opptak at vedkomande har lovleg opphald i Noreg (asylsøkjarar har ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne). Vidare stiller vi som vilkår at søkjar har gode kunnskapar i norsk, helst A2-nivå munnleg og skriftleg. For deltakarar som er på Introduksjonsprogram vil eit opptak på grunnskule måtte skje i forståing med aktuelt NAV kontor/flyktningekonsulent

Søkjarar kan ta kontakt med Læringssenteret Gol, tlf 32029235 eller servicetorget i Ål kommune for søknadsskjema og meir informasjon. 

Søknadsskjema grunnskuleopplæring for vaksne.pdf