Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vaksenopplæring

Ål vaksenopplæring tilbyr undervisning i norsk og samfunnsfag for busette flyktningar, familiegjenforeinte og arbeidsinnvandrarar.
Opplæringa har som målsetting å føre elevane fram til norskprøver på nivå A1-B2, skriftleg og muntleg.

Ål vaksnopplæring er offentleg godkjend prøvestad for Statsborgarprøva, prøve i samfunnskunnskap og alle norskprøver.

Ål og Hol kommunar har eit samarbeid der Hol kommune kjøper tenester av Ål slik at all undervisning for holingar skjer i Ål.
Det blir undervist i norsk og samfunnsfag måndag til torsdag frå kl.09.00 - 13.45. Skulen ligg på andre sida av Sundrevegen i.f.t. til kyrkja.
Dersom du ynskjer å søke om plass så må du fylle ut søknadskjema og levere det på servicetorget i Ål kommune saman med kopi av arbeids- eller opphaldstillatelsen din.

Prisar

Her finn du oversikt over kva det kostar.

Her finn du elektronisk skjema for søknad om vaksenopplæring

Her finn du søknadsskjema.pdf

Grunnskuleopplæring for vaksne

Vaksne har rett til grunnskoleopplæring:

  • dersom dei ikkje har fullført 10-årig grunnskule
  • dersom dei ikkje har fullført 9-årig grunnskule
  • dersom dei ikkje har fullført 7-årig folkeskule
  • dersom dei manglar enkeltfag
  • dersom dei kjem frå eit anna land og manglar heilt eller delvis grunnskule
  • dersom dei har 7-årig folkeskule og ynskjer grunnskuleopplæring  

Du finn meir informasjon her.

Vil du lære norsk?  Ål vaksenopplæring har plass til fleire elevar! 

Vaksenopplæring

Besøksadresse:

Sundrevegen 67
3570 Ål

Postadresse:

Torget 1
3570 Ål

Kontaktperson: Silje Landsmann Wiwe

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 91886642

Kontaktperson: Richard Nordahl Pedersen

Telefon: 47356743