Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdomslosane i Hallingdal

Ungdom på skateboard

Kven er vi: Vi er Ungdomslosane som du som ungdom kan nytte,

Kva kan vi tilby? Vi skal hjelpe ungdommar mellom 15 og 20 år til å fullføre og bestå utdanning, kome i jobb, eller kome i aktivitet. Vi er med ungdommar der dei har bruk for oss, hjelper dei frå det eine systemet til det andre.
Vi kan vera med på møter med skulen, nettverk, NAV, arbeidsgjevar eller andre instansar. Vi kan gje støtte du ikkje får av eksisterande system i overgangar og aktiviteter. Vi skal forbetre samarbeid mellom dei ulike systema.

Vi kan ôg hjelpe til med:

  • Vekking om morgonen for å kome presis (for å hindre fråvær)
  • Samtaler. MI (Motiverande samtaler)
  • Kurs i depresjonsmestring (Også tilbod i individuelle samtalar)
  • Hjelpe til med å strukturere kvardagen og få god døgnrytme.
  • Økonomi, lage budsjett.
  • Rettleiing i kosthald og trening.
  • Studieteknikk og leksehjelp.
  • Skape nettverk og sosiale relasjonar.
  • Hjelpe til med jobbsøknad og cv. (Eventuelt hjelp til å skaffe jobb)
  • Hjelp til å finne bolig.
  • Finne fritidsaktivitet.

Kor finn du oss?

Vi held for det meste til på Ål og Gol videregåande skule, men kjem gjerne dit du er.

Kven kan bruke oss? Ungdommar frå 15-20 år, og samarbeidspartnarar som er involvert kan kontakte oss ved behov.

Kor lenge skal vi vera prosjekt? Sumaren 2017 er prosjektet over, men målet er at gode løysinga er innarbeidd og fortset i skuaene, kommunane og NAV

Vil du vite meir?  Ta kontakt med oss:

Charlotte Haaland 409 16 466 charlotte.haaland@gol.kommune.no
Dag Stemsverk 409 16 459 dag.stemsverk@gol.kommune.no