Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ungdom i Ål

Illustrasjonsteikning av ungdom

Ungdata

Korleis er det å vere tenåring i Ål?

På oppdrag frå Ål kommune gjennomførte forskingsinstituttet NOVA ved OsloMet og Kompetansesenter rus - region sør (KoRus Sør) ei kartlegging av viktige sider ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunen.

Les rapporten her:

Nøkkeltallsrapport Ål ungdomsskule 2021.pdf

Ungdomskonsulenten

Ungdomskonsulenten er organisert under oppvekst, og er tilgjengeleg der ungdom er.
Målet er heilskapleg og målretta satsing for å nå ungdom 13-18 (23) år i risiko. 

Ungdomskonsulenten er representert i tverrfagleg møte på ungdomsskulen og samarbeider med foreldre og andre hjelpeinstansar. 

Ungdomskonsulenten kan tilby støttesamtaler, ulike gruppetilbod, jobbe med relasjonsbygging, motivasjonsarbeid og styrke foreldresamarbeid. 

Ungdomslosen

Ungdomslosen skal vere med og samordne tilbod og legge til rette for tettare oppfølging av elevar på ungdomsskulen som er i risikosonen. 
Målsetting med ungdomslos er mellom anna:

  • Førebygge rusproblematikk og potensielle utfordringar i den psykiske helsa.
  • Fange opp elevar som har manglande omsorg, støtte og oppfølging frå føresette.
  • Førebygge og fange opp elevar som manglar nettverk, opplever mobbing og sosial isolasjon. 

Kven kan ta kontakt med ungdomskonsulenten og ungdomslosen:

  • Elevar
  • Føresette
  • Tilsette i skulen
  • Samarbeidsinstansar

 Kontaktinformasjon:

Ann Beate Øyre Bjørnsen

Ann Beate Øyre Bjørnsen er ungdomslos/ungdomskonsulent i Ål kommune.

Ho jobbar 75% i hovudsak fordelt slik:

Ho er å treffe på ungdomskolen måndag, tysdag og onsdag.
Ål ungdomsskule, Sundrevegen 42, 3570 Ål

Tingstugu avd. oppvekst torsdag.
Tingstugu, Torget 1, 3570 Ål 

Kontaktinfo:
Telefon: 477 98 971
E-post: ann.beate.oyre@aal.kommune.no

Ungdom med mot

Foto: Anne Berit Gudbrandsgard 

Bilde av nye UMM på 9.trinn:
Bak f.v: Henrik Opheim Berg, Hedda Frantzen, Mari Svensgård, Nora Grue og Oda Sundgot

Framme f.v: Aleksander N. Buseth, Amalie Køk og Anne Skrindo Danielsen

 

Ål ungdomsråd

Ål ungdomsråd har to representantar frå kvart trinn på ungdomsskulen, samt nokre representantar frå dei vidaregåande skulene i Hallingdal. Ungdomskonsulenten er sekretær for rådet, og ordførar og rådmann er med på møtene ved høve. 
Ål ungdomsråd jobbar med ulike saker, og administrasjonen nytter rådet til drøfting og ber om innspel i saker som gjeld born og unge. Ål ungdomsråd samarbeider tett med ungdomskonsulenten, og jobbar med å få til eit ungdomsrom på Ål kulturhus.