SFO-tilbodet i Ål
Me ber om at søknader som gjeld frå august 2020 ikkje vert registrert før 6. februar
Søknader som gjeld SFO skuleåret 2021/2022 blir behandla i hovudopptaket. Søknadsfristen er 1. mars og vert annonsert i Hallingdølen og på heimesida i byrjinga av februar.
---------------------------------------------------------------------------------------------------
Etter Opplæringslova § 13-7 skal kommunen ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilde behov på 1.-7. trinn:
«Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.
SFO er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa og er eit frivillig tilbod. Opplæringslova slår fast at kommunen kan krevje alle utgifter til SFO dekt gjennom foreldrebetaling. I Ål vert ein sum tilsvarande eit tidlegare statstilskot overført til skulane og er med på redusere andelen på foreldrebetalinga.
Utgangspunktet for dimensjoneringa av SFO-tilbodet ved barneskulane i Ål, er søknadane som kjem inn i hovudopptaket. Hovudopptaket har søknadsfrist 1. mars. Etter vedtektene for SFO, skal det vere minst 6 elevar påmeldt for at det skal bli oppretta eit tilbod.
Elevar med SFO-ordning har ikkje rett på gratis skuleskyss dei dagane dei er påmeldt SFO.
Slik søkjer du SFO-plass
Søknad om SFO-plass skal skje via Visma Flyt Skule (VFS) sin føresettportal. For å kome til den elektroniske søknaden, må du logge deg på med ID-porten, og det er anbefalt å nytte Edge eller Google Chrome som browser.
Dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med Servicetorget på Tingstugu eller ein av skulane.
Svar på søknader vert sendt ut elektronisk via kommunen sin Svar ut-teneste.
Det er den som søkjer om SFO-plass som blir rekningsmottakar. Ved endring av rekningsmottakar, må du ta kontakt med oppvekstkontoret.
Søknad om SFO-plass
Søknad via VFS føresettportal skal nyttast både i samband med hovudopptaket (søknadsfrist 1. mars) og dersom du søkjer ny plass i løpet av SFO-året. Tildeling av plassar utanom hovudopptaket vil vere avhengig av ledig kapasitet.
Dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med servicetorget på Tingstugu eller ein av skulane.
Rettleiing for å søkje SFO-plass finn du her.
Endring eller oppseiing av delar av tildelt SFO-plass
Det kan søkjast eller meldast inn fylgande endringar:
- Søknad om utviding av SFO-plass
- Søknad om endring av dagvalg/opphaldstid
- Melding om oppseiing av delar av SFO-plass
Utviding av SFO-plass vert tildelt etter ledig kapasitet.
Etter vedtektene er det to månader oppseiingstid, rekna frå den1. i månaden etter at oppseiinga er motteke.
Rettleiing for endring eller oppseiing av delar av tildelt SFO-plass.
Søk endring av SFO-plass her.
Oppseiing av heile SFO-plassen
Etter vedtektene er det to månader oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er motteke.
Rettleiing for å seie opp heile SFO-plassen finn du her.
Meld inn oppseiing av heil SFO-plass her.
Opningstider
Opningstidene ved SFO vil vere frå kl 07.30 og fram til skulen startar og frå skuleslutt og fram til kl 16.30 ved alle skulane i Ål.
Her ser du oversikt for opningstider for SFO ved skulane i Ål:
Ferie-SFO
Det vert arrangert ferie-SFO ved Nedre-Ål skule til fylgjande tidspunkt:
- Frå 1. august og fram til planleggingsdagane før skulestart
- Haustferien
- Vinterferien
- Frå skuleslutt og fram til 30. juni
SFO-elevar ved Leveld skule, Skattebøl skule og Torpo skule vil få tilbod om plass ved ferie-SFO ved Nedre-Ål skule. det vert sendt ut eigen bindande påmelding til ferie-SFO.
Ferie-SFO er ikkje inkludert i den ordinære foreldrebetalinga og vert fakturert i tillegg.
SFO er stengt
SFO er stengt på fylgjande dagar:
- Planleggingsdagar
- Juli
- Jule- og påskeferie
- Andre fridagar jf vedteken skulerute
Desse dagane vert det ikkje arrangert ferie-SFO.
Betalingssatsar/betalingsreglement
Moderasjonsordning
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for SFO ved skulane i Ål kommune.