Innvandrartenesta
Vil du hjelpe til med ei betre integrering av busette flyktningar i Ål kommune?
Flyktningtenesta treng hjelp til mange oppgåver. Det har vore store endringar i flyktningsituasjonen siste året. I Ål kommune har vi og busett fleire, vi vil vera med å ta ansvar i denne situasjonen. I 2015 busette vi 15 personar og i 2016 skal vi busette 25 personar inkludert familiegjenforening. Av desse har 10 familiemedlemmar alt kome. Dei fleste kjem frå Eritrea , men vi har og busett frå Syria og Burundi i haust. Dei fleste er einslege, og mange unge, flest menn , men og nokre kvinner.
Vertsfamiliar
Ta kontakt med oss om familien kan vera vertsfamilie for ein einsleg mindreårig, i fyrste omgang berre helger og ferier. Til hausten skal vi busette 4-5 einslege mindreårige. Det fyrste året vil dei gå på Hallingdal folkehøgskule på Gol, men dei skal ha tilknyting til Ål kommune som vil vera deira heimkommune. Etter året på folkehøgskule vil dei bli busett i bufellesskap/eigen leilegheit i Ål. Vi treng vertsfamiliar til desse ungdommane, ein familie som dei kan koma til i delar av feriar og nokre helger. Om din familie er interessert så ta kontakt med flyktningtenesta for å få meir informasjon.
Bustader/praksisplassar
Vi busett no mange einslege vaksne, og vi treng fleire leilegheiter/hyblar. Ein flyktning som blir busett går fyrst to år på introduksjonsprogam for flyktningar. Målet med programmet er å komme i arbeid eller starte med utdanning etter dei to åra. Dei går på vaksenopplæring 4 dagar i veka og har språkpraksis ein dag. Praksisplassane er viktige for å praktisere norsk og for å få kjennskap til arbeidslivet.
Flyktningven
I haust og vinter har vi fått fleire flyktningvener og mange positive erfaringar med det. Ein norsk flyktningven kan ha kontakt med ein busett person eller ein familie, dei kan treffast 1-4 gongar i månaden og gjere noko saman, lage mat, gå ein tur, handle, idrett, spel, musikk osv. Ta kontakt med Frivilligsentralen.
Språktrenarar
Vi treng og nokon fleir som kan vera språktrenar på vaksenopplæringa. Dette er språktrening etter skuletid for dei vaksne som skal lære seg norsk.
Skiutstyr/syklar
Har du skiutstyr (mange vart inspirert til meir skigåing etter skidag i vinterferien) og syklar til overs, vil og nokon sette stor pris på det.
For at dei som kjem nye til Ål skal få eit godt liv er det viktig at dei føler seg velkomne. Dei treng eit nettverk og ting dei kan delta på. Dei vil bli kjent og lære nye ting og ha moglegheiter for å bruke det nye språket.
Ei oppmoding frå uss: Hels på dei på gata og butikken, og snakk gjerne litt med dei. Og har du litt ekstra tid meld deg som flyktningven.
Kan du hjelpe til med noko så ta kontakt med flyktningtenesta , Frivilligsentralen eller servicetorget.
Følg oss også på Facebook: Innvandrartenesta i Ål kommune
Introduksjonsprogram - skjema for påmelding