Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skulemiljø

Retten til trygt og godt skulemiljø

Lovverk

Her finn du lovverk om elevane sitt psykososiale skulemiljø

For oppvekstsektoren i Ål ligg strategidokumentet «Betre læring» og opplæringslova til grunn for alt førebyggande arbeid. Hovudmålet er eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, der alle får kraft til å meistre eigne liv.
Ål kommune har som kvalitetsmål å vere tett og tidleg på der alle får rask hjelp ved behov, både fagleg og sosialt. I tillegg til å sikre godt læringsutbytte for alle barn og unge, der ein med tilpassing og eigeninnsats har utbytterik læring.

Førebyggande arbeid, nulltoleranse for mobbing, samt god handtering og oppfølging av barn og unge som har opplevd krenkingar eller mobbing, er ein viktig del av arbeidet.

Klage

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø.Dersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje følger opp eller har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan de melde saken til Fylkesmannen i Buskerud. Kontakttelefon: 951 97 429

Lenke til Fylkesmannen sine nettsider

Nyttige lenker

Dette skal skulen gjere i mobbesaker
Informasjon til føresette - Utdanningsdirektoratet
Mobbeombodet i Buskerud
Null mobbing
Foreldreutvalget for grunnskulen