Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skattebøl skule

Adresse

Postadresse:Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Brennovegen 9, 3570 Ål

Skattebøl skule 

 

Generell informasjon:

Skattebøl skule er ein fulldelt grendeskule, 1.-4.klasse, som ligg ca. 3 km. frå Ål sentrum. Skulen der den no ligg, er bygd i 1980 og andre byggesteg med m.a. gymsal kom i 1997. Skulen har eit stort uteområde med grasfotballbane, leike- og aktivitetsapparat, skiløype (2 km ) og uteskule i Juveskogen. Dugnadar og investering i 2 nye leikeapparat blei eit godt tilskot i 2015. 

Fakta for skuleåret 2018- 2019:

Skulen har no 55 elevar

10 elevar i 1. klasse, 16 elevar i 2. , 12 elevar i 3. og 17 elevar i 4. klasse.
Alle har 5 dagars skuleveke.

Tilsette:

9 lærarar, rektor og tre skuleassistentar.

På SFO er det  tre tilsette. SFO er ope alle dagar morgon og ettermiddag. (Meir å lese under SFO kapitlet.)

Mål:

Vi vil ha ein skule som tek vare på tryggleik, trivsel og inkluderer alle.

  • Vi vil ha ein skule som gjev tilpassa opplæring, både fagleg og sosialt, og som medverkar til personleg vekst og utvikling.
  • Vi vil ha ein skule som arbeider for at elevane lærer samarbeid, omsorg, god oppførsel, tek ansvar og viser respekt og toleranse for kvarandre og dei tilsette ved skulen.

 

Visjon/Grunnsyn

VISJONEN VÅR: Eleven i fokus

Ein god stad å vere = trivsel
Ein god stad å lære = trivsel

Pedagogisk plattform

Elevane: Alle elevar skal få like moglegheiter til å utvikle evner og anlegg individuelt og i samarbeid med andre. Tilpassa opplæring. Elevane må øvast i å verta sjølvstendige, kunne samarbeide, ta ansvar, ha gode arbeidsvaner, tileigne seg kunnskap, såvel fagleg som sosialt, og vise omsorg og toleranse for kvarande.

Læringsmiljøet: Kunnskapsløftet, generell del, utdjupar verdigrunnlaget og menneskesynet som skal liggje til grunn for opplæringa. Læringsmiljøet må vera ope, trygt og inkluderande. Det må visast respekt og omsorg for alle. Læringsmiljøet skal vera slik at det styrker sjølvkjensla til den einskilde elev. Meistring blir her eit nøkkelord.

Lærarrolla: Undervisningspersonalet skal ha ein god arbeidsplass. I arbeidet sitt er alle forplikta til å fylgja Læringsplakaten i Kunnskapsløftet.

Skulen si rolle: Læringsplakaten kan vere eit utgangspunkt for analyse og vidareutvikling av skular som lærande organisasjonar. Slik kan det vera eit godt grunnlag for arbeidet med skulebasert vurdering og kvalitetesvurdering både for skuleeigar, skuleleiing og lærarar.

Det vaksne miljøet: Personalet på skulen og SFO skal gjere sitt for å få til eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, slik at alle kjenner seg trygge og respekterte.

 

Skuledagen

SFO åpnar kl 07.30

Skuledagen tek til kl 08.30

1.økt frå 08.30 til 09:30

2.økt frå 09:50 til 10:50

3.økt frå 11.45 til 12.45

4.økt frå 13.00 til 13.45

SFO frå 13.45 til 16.30

Leksehjelp for 3.-4. klasse:

Onsdagar frå kl 0730 (i tida 5. september til 5. juni)

 

SFO

Opningstider kl. 07:30 til skulestart og 13:45-16:30.

Påmelding og endringar skal meldast på elektronisk skjema.

Me har eigen sfo-telefon der føresette kan sende meldingar. Me skal ha melding om morgonen om barnet ikkje kjem.

Me serverar enkel mat 3 dagar pr veke, ellers har dei med seg matboks

Føresette som hentar barnet om ettermiddagen må seie ifrå til ein av dei vaksne.

SFO mobil: 409 14 709

 

Her finn du informasjon om SFO i Ål kommune

 

Råd og utval

FAU 2018/2019

Leiar: 

SU 2018/2019
Leiar: 

 

Felles informasjon

Her finn du felles informasjon om skulane i Ål kommune

 INFORMASJON OM SKULEHELSETENESTA VED SKATTEBØL SKULE

SKULEHELSETENESTA VED SKATTEBØL SKULE
SKULEÅRET 2018/2019.


Helsesøster: Randi Torgun Myhre, tlf. 32085290/95196799.
Fysioterapeut: Mona Sando.
Lege: Torill Bøyum.

 

Plan for skulehelsetenesta:

1.årstrinn *Konsultasjon på skulen med lege og helsesøster. Innkallingsbrev til elev og
føresette, -etter haustferien.
*Foreldrenettverksmøte, representant frå psykisk helse og helsesøster.

2.årstrinn *Tilbod om vaksine mot difteri/stivkrampe/kikhoste/polio. Brev heim, eleven
blir kalla inn til helsestasjonen med ein av dei føresette, hausthalvåret.

3.årstrinn *Brev heim til dei føresette der ein ber om div. helseopplysningar.
- Ein time med helsesøster og fysioterapeut. Tema: Helse.
- Ein time med helsesøster og lærar. Tema: Gode og dårlege hemmeligheter.
- Individuell samtale med helsesøster/ høgde-/vektmåling.
- Fysioterapeut vurderer rygg, føtter og generell haldning.

4.årstrinn * Undervisningsopplegg i to økter. Tema: Psykologisk førstehjelp.



Helsesøster blir å treffe på skulen tysdagar.


Det blir oppfølging av enkeltelevar etter behov. Helsesøster er ute i friminutt/overgangar etter behov og forespørsel. Etter ynskje frå lærarar, føresette eller elevar kan det vere aktuelt med grupper/undervisning.

Helsesøster kan formidle kontakt med fysioterapeut, lege, psykisk helse og andre aktuelle instansar.

Skulehelsetenesta samarbeider med Friskliv om prosjektet «Aktiv Ung».

Helsesøster deltek i tverrfagleg team .


Elevar og føresette er velkomne til å ta kontakt

Skattebøl skule

Besøksadresse:

Brennovegen 9
3570 Ål

Postadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 32 08 54 10

Kontaktperson: Kjell Arne Haavaldsen

Tittel: Rektor

Telefon: 32 08 54 11