Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Grunnskule

Skulane i Ål

I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule.

Leveld skule

Nedre-Ål skule

Torpo skule

Skattebøl skule

Ål ungdomsskule 

teikning av born
Innskriving til grunnskulen

Informasjon om innskriving til grunnskulen 2020/2021

Elevar i grunnskulen har etter Lov om opplæring rett til å gå på nærskulen. Med få unntak er dette skulen som i avstand ligg nærast heimen. Alle elevar blir difor skrive inn ved nærskulen. Det er mogleg å søkje om skulebyte etter at vedtaket om innskriving er motteke, men då skal det søkjast særskilt om dette i grunngjeven søknad til oppvekstkontoret innan 1. januar for påfylgjande skuleår. 

Det vil bli arrangert bli-kjent-dag for skulestartarane og eit møte for foreldre i mai-juni. Skulane sender ut informasjon om tidspunkt.

Informasjonshefte om grunnskulen

Infohefte - informasjon om grunnskulen i Ål  

Skuleskyss

Etter opplæringslova har elevar på 1. årssteget rett på fri skuleskyss dersom skulevegen er over 2 km, og elevar på 2.-10. årssteg rett på fri skuleskyss ved skuleveg over 4 km.

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

Rv 7, der det ikkje er gangveg, vert rekna som særleg farleg skuleveg, og gir rett til skuleskyss.
Søknadsfrist 1. januar.

Ved flytting skal det meldast om endring av skyssbehov til skulen.

Her finn du retningsliner for skuleskyss i Ål kommune

Skuleruta

Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.

I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.

Skuleruta 2019/2020

Skuleruta 2020/2021 - kjem

Fråvær

Barn og unge i Norge har rett og plikt til grunnskoleopplæring, jf. Opplæringsloven § 2‐1. Dette betyr at dei skal delta i opplæringa.

Det er viktig at elevane er til stades på skulen dei fastsette skuledagane. Studiar viser at det kan vere svært uheldig at elevar er borte frå den obligatoriske opplæringa. Eit skuleår har 190 skoledagar. Dersom ein elev er borte 10 undervisningsdagar kvart skuleår, dvs. 1 dag per månad frå august til juni, blir dette til saman eit halvt års skulegang i løpet av grunnskulen!
Fråvær i grunnskulen er delt i dokumentert og udokumentert fråvær. Foreldre pliktar å melde frå om fråvær og må søke permisjon når fråværet er på minst ein dag.

Dokumentert fråvær er korte fråvær som sjukdom, tannlege, begravelse o.l. Dette blir rekna som dokumentert fråvær dersom det blir levert melding om årsaka til fråværet frå foreldra eller sjukemelding frå lege.

Elevar som høyrer til trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har heilagdag. Foreldre må sjølv sørge for at eleven får den nødvendige undervisninga i permisjonstida.
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi enkeltelevar permisjon i inntil 10 dagar, jf. Opplæringslova § 2‐11:
Permisjon er ingen rett, men blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Søknad om permisjon skal vere skriftlig og blir sendt rektor i god tid. Foreldre må sjølv sørge for at eleven får nødvendig undervisning i permisjonstida.

Udokumentert fråvær er når elevar er borte frå skulen utan at det blir levert melding/ søknad frå føresette. Stort fråvær som ikkje blir dokumentert, kan virke inn på ungdomsskulekarakteren i orden.

Råd og utval 

Samarbeid med hjelpeinstansar

Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling. 

Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov. 

Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt. 

Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.

Informasjonshefte om hjelpeinstansar

 

 

Overgang barnehage - skule

Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.

Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.

Overgangsplanen skal sikre:

  • Gode rutinar, lik praksis og systematisk samarbeid mellom einingane.
  • Ein meiningsfull samanheng i læringsløpet.
  • Tidleg innsats for barn med særskilte behov.
  • Ein trygg skulestart for barn som byrjar i 1.klasse og for dei føresette.

Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.

Du finn informasjonsheftet her 

Den kulturelle skulesekken

Sektorutval for kultur og oppvekst (SUKO) har vedteke plan for innhald i DKS-tilbodet i Ål.

DKS nasjonalt
DKS er ei statleg satsing på kunst og kultur i grunnskulen. DKS skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen og byggje opp under dei pedagogiske måla i skulen. Føremålet med skule er læring og meistring. Opplæringa skal ruste barn og unge til arbeids- og samfunnsliv, og gje kunnskap til å meistre skiftande omgjevnader og ei ukjent framtid. Skulen skal bygge på eit bredt kunnskapssyn, der kreativitet og skapande evner står sentralt.

Dei overordna måla for DKS er:   
• Å medverke til at elevar får eit profesjonelt kulturtilbod.   
• Å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.  
• Å formidle kunst og kultur på ein måte som gjev elevane verdifulle opplevingar og set elevane i stand til å møte kulturelle utfordringar i dag og i framtida på ein reflektert og konstruktiv måte. 
 
DKS i Ål
DKS er eit samarbeid mellom oppvekstsektoren og kulturkontoret i Ål kommune. Ål kommune har sett ned ei styringsgruppe som har det overordna ansvaret for DKS. Kvar skule har ein kulturkontakt som skal vere pådrivarar for å utvikle den kulturpedagogiske plattforma på skulen. DKS utviklar seg kontinuerleg i samarbeid med representantar frå skulane og frå kunst- og kulturlivet.   

Ål kommune vedtek kvart femte år ein lokal DKS-plan. Gjeldande plan er for perioden 2015-2020, og kan lesast her. 
DKS i Ål omfattar alle elevane i grunnskulen i Ål kommune, frå 1.-10. klasse, og er ei obligatorisk satsing for alle skulane kommunen. Kulturlivet skal vere for alle (jf. overordna mål i Kulturplan 2019-2025).  

DKS i Ål kommune skal gje alle elevane:   
• God kunnskap om lokal kultur og lokale kulturtradisjonar.  
• Lokalhistorisk innsikt.  
• Opplevingar, kunnskap og refleksjon knytt til uttrykksformene film, teater, dans, musikk, litteratur, biletkunst, skulptur og arkitektur.  
• Utforske og utøve kulturelle aktivitetar av ulike slag.   
• Elevane skal delta aktivt og få høve til å vise talent i minst eitt prosjekt innan det utvida kulturbegrepet kvart år (Betre læring 2015-2020).  

Planar, prosjekt og rapportar