Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Torpo barnehage

Adresse

Postadresse:Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Bakkevegen 1, 3579 Torpo
Torpo barnehage
Generell informasjon 

Torpo barnehage er ein  to-avdelings barnehage for barn i alderen 1 - 5 år. Det er i hovedsak barn frå Opheim og Torpo som har plass her. Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til butikk, skule, fotballbane, skiløype og fin natur. Det fyrste bygget sto ferdig i 1979, men har vore utvida i fleire omgangar. I 2015 vart heile huset renovert og framstår no som ein barnehage godt tilpassa behova barn og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Me har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet.

Torpo barnehage har full pedagogdekning og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte. Me er oppteken av å skape ei tydeleg pedagogisk ramme om vår verksemd, der det er plass til at barn og vaksne saman skal fylle ramma med innhald. (sjå pedagogisk plattform under)  

Pedagogisk plattform: 

1. Pedagogisk grunnsyn

  • Me ser på barn som kompetente og likeverdige med vaksne, men under tydelege rammer og med vaksne som støttespelarar i eit inkluderande miljø
  • Me ynskjer ein kvardag fylt av glede og godt humør
  • Me vektlegg medvirkning og møter kvarandre med respekt i leik, omsorgssituasjonar og tilrettelagte aktivitetar

2. Arbeidsmetodar

  • Fri dagsrytme
  • Tilsette som går foran, ved sidan av og bak; i leik, omsorgssituasjonar og tilrettelagte aktivitetar
  • Barnemøte med aktivitetar
  • Barnesamtaler
  • Bruk av digitale verktøy 

3. Pedagogikk

  • Vektlegging av leik som den viktigaste læringsarenaen i barnehagen
  • Fokus på medvirkning ved å byggje vidare på og utvide barna og gruppa sine interesser
  • Arbeid med fagområder og prosjekt både ute og inne 

4. Visjon

Du og eg -  saman om noko!

Planar:

Her finn du handlingsplanen for 2019/2020

Årsplan for 2019/2020

Opningstider: 

Me har opent måndag – fredag kl. 07.00 – 16.30. Det er høve til å bestille utvida opningstid til kl. 17.00 

Planleggingsdagar 2019 - 2020:

Måndag 18. november 2019
Fredag 3. januar 2020
Fredag 22. mai 2020
+ to dagar før nytt barnehageår i august 2020. 

Råd og utval:

Leiar i FAU: Signe Søndrål

Leiar i SU: Ine Bråten

 

 

 

Felles informasjon

Her finn du fellesinformasjon om barnehagane i Ål kommune

Torpo barnehage

Besøksadresse:

Bakkevegen 1
3579 Torpo

Postadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 32 08 54 55

Kontaktperson: Mette Oleivsgard

Tittel: Styrar

Telefon: 900 32 748