Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sundre barnehage

Adresse

Postadresse:Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Gartnarvegen 1, 3570 Ål

Sundre bhg Foto Even Medhus
Generell informasjon

Sundre barnehage heldt til på Prestegardsjordet i Ål sentrum og har seks avdelingar fordelt på to hus, Hallingstugu og Låven, tre avdelingar på kvart hus. Stugu og Bråtet er for barn 4-5 år, Kleven og Lue er for barn 2-4 år, Kammerset og Skålen er for barn 0-2.

Me har eit stort og variert uteområde, med eigen leirplass, potetåker og små grønnsakskasser. Barnehagens nærmaste nabo er Ål skulepark som er eit tilrettelagt park- og aktivitetsområde med bl.a. hinderløype, klatrestativ og plass for ballaktivitet. Me har gangavstand til Ål kulturhus med bibilotek og Ål Idrettspark på Bråta.

Verdigrunnlag

Verdigrunnlaget for Sundre barnehage består av visjon, pedagogisk grunnsyn og arbeidsmåtar. Dette dannar grunnlaget for vår pedagogiske praksis. Verdigrunnlaget er styrande for arbeidet i barnehagen og ligg som ei ramme omkring verksemda. Inni denne ramma skal barn, tilsette og føresette ha plass til medverknad. Hausten 2020 har dei tilsette i Sundre barnehage hatt arbeidsprosessar med å konkretisere verdigrunnlaget, sett opp mot ny rammeplan og satsingsområdet «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».

Ein visjon vert definert som “eit bilete av ein framtidig, ønska tilstand”, ei slags ledestjerne. Visjonen til Sundre barnehage er no:

Leik, lær og le –

le, lær og leik

Tilsette som støttar og er saman med barna i leik og aktivtet gjennom dagen gjer at barna trives, lærer og utviklar seg. Denne støtta er ein del av ei heilskapeleg tilnærming til læring.

Pedagogisk grunnsyn vert definert som «den verkelegheitsoppfatning, dei verdiar og haldningar som ligg til grunn for den pedagogiske verksemda».

I Sundre barnehage:

  • skal me sjå på alle menneske som like verdifulle og møte kvarandre med varme, interesse og respekt. Dette gjeld i alle møter mellom barn-barn, barn-vaksen, vaksen-vaksen.
  • skal gode møter mellom menneske hjelpe barna til å utvikle evna til å balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov.
  • ser me på leik som barnas viktigaste aktivitet, der mykje av barnas læringsprosessar skjer. Dei tilsette skal vere aktivt deltakande.
  • ynskjer me ein kvardag der positivitet og glede står i fokus.

 Planar

Årsplan skal ha fleire funksjonar:

  • arbeidsreiskap for personalet for å styre barnehagen i ein bevisst pedagogisk retning
  • eit utgangspunkt for at føresette skal ha høve til å påverke innhaldet i barnehagen
  • grunnlag for kommunens tilsyn med barnehagen
  • informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til eigar, politikarane, kommunen, barnehagens samarbeidspartar og andre interesserte

Her finn du årsplan for barnehageåret 2020-2021.

Årsplan for 2021-22 er under revisjon.

 

Opningstider

Barnehagen er open frå 07.00 -17.00 fem dagar i veka. Sjå informasjonshefte for justeringar pga korona.

Barnehagen er stengd i vekene 29 og 30, jul og påske. 

Planleggingsdagar 2020-2021

  • Torsdag 13.08.2020
  • Fredag 14.08.2020
  • Fredag 20.11.2020
  • Måndag 18.01.2020
  • Fredag 18.06.2020

Her finn du "Informasjonshefte for føresette i Sundre barnehage"

Informasjonshefte er under revisjon for 2021-2022.

 

Råd og utval

Foreldreråd består av alle foreldra i barnehagen og FAU er arbeidsutval for foreldrerådet:

Leiar i FAU: er ikkje valt for 2021-2022.

SU (Samarbeidsutvalet) tek avgjerdsler som er viktige for heile barnehagen. Der er føresette, tilsette og kommune v/politiker representert

Leiar i SU: er ikkje valt for 2021-2022.

 

Felles informasjon

Her finn du felles informasjon som gjeld barnehagane i Ål kommune

Sundre barnehage

Besøksadresse:

Gartnarvegen 1
3570 Ål

Postadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 32 08 51 50

Kontaktperson: Mette Oleivsgard

Tittel: Styrar

Telefon: 900 32 748

Kontaktperson: Eli H. Smedsplass

Tittel: Assisterande styrar

Telefon: 940 28 297