Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skattebøl barnehage

Adresse

Postadresse:Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Branesvegen 2, 3570 Ål

Generell informasjon

Skattebøl barnehage Foto: Grete 

Skattebøl barnehage er ein kommunal barnehage som tilbyr inntil 42 plassar, fordelt på to baser, Branesberget og Nasakamben. Barnehagen ligg vakkert til i eit skogholt, like ved Skattebøl skule. Det er god plass å boltre seg på, både inne og ute. Me ynskjer å vere ein arena der barna kan finne glede i å vere i eit fellesskap med andre born, og knytte vennskap før skuletida tek til.

Grunnsyn/visjon

Vårt pedagogiske grunnsyn er basert på respekt for enkeltindividet, og at tryggheit er den viktigaste føresetnaden for at læring kan skje. Det vil seie at all handling og all aktivitet,  må bygge på desse to hovudprinsippa.Me ønskjer at barnehagen skal vere ein stad der barna kjenner seg trygge, og at dei gjennom fellesskapet i barnehagen skal få oppleve glede og vekst. Barna skal få vere med å bestemme over kvardagen sin, og ei målsetting er at dei skal få eit sterkt eigarforhold til barnehagen, «Barnehagen min..»

Visjonen vår har me formulert slik: 

Varme og omsorg,

læring og vekst,

- hand i hand.

Denne visjonen vil vere eit utgangspunkt for all planlegging av verksemda vår. Me vonar, på ein best mogleg måte, å kunne sikre kvaliteten på det tilbodet barnehagen gjev. Både stabilitet og fleksibilitet er grunnleggjande føresetnadar for det daglege arbeidet vårt. Med varme og omsorg vonar me å gjere barna trygge, og dermed «klare» for å lære og utvikle seg. Berre det barnet som er trygt, leikar.Og som kjent er leiken barnas viktigaste lærearena.  Det blir «å lære ved å gjere».

Opningstider

Opningstida er kl.07.00 - 17.00, 5 dagar i veka.
Barnehagen er stengt i veke 29 og 30, og i påske- og juleveka. 

Råd og utval

Henrik Schjørlien Haugestøl, foreldrerepresentant. Leiar SU.

Åsne Brattåker Håheim, foreldrerepr. Nestleiar SU.

Mona Helling Gunhildgard, personalrepresentant. 

Marie Skråmestø, kommunal representant

May-Britt Olsen, personalrepresentant

Grete T. Hagen, styrar. Sakshandsamar i SU.

 

Felles informasjon

Her finn du felles informasjon om barnehagane i Ål kommune.

Skattebøl barnehage

Besøksadresse:

Branesvegen 2
3570 Ål

Postadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 32085405

Kontaktperson: Grete T. Hagen

Tittel: Styrar

Telefon: 40918118