Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sando barnehage

Uteområde i Sando barnehage
Adresse

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Opsatovegen 145, 3570 Ål

Generell informasjon

Sando barnehage er ein kommunal heiltidsbarnehage med 42 plassar delt på barn i alderen 1 – 6 år. Barnehagen vart opna 19. august 2013 og heldt til i grenda Sando på Ål.

Barnehagen har store, lyse og trivelege nyoppussa rom. Me har ein felles garderobe, eit stort kjøkken samt tilgang til både gymsal og sløydsal. Avdelingane våre heiter Vesleberg og Satakroken, og namna har tilknyting til bygda.

Ute har vi eit stort leikeområde og ein stor fotballbane. Me har gangavstand til fleire fine turområde og brukar dei ofte.

Me legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.

Barnehagen sin personalgruppe består av både menn og damer.

Bålpanne Sando 

Pedagogisk plattform

Visjonen for Sando barnehage er: "Verdas beste start - eit hav av moglegheiter".

Vår pedagogiske plattform: Barnehagen er barnet sin arena, det er her livet er! Barnehagen er ikkje berre ei førebuing til livet som kjem seinare. Livet er her og nå. Barndommen er ein fase i livet med stor verdi. Her møter vi livet slik det er og slik det kjem, med sine oppturer og nedturer, gleder og sorger. Barna får ta seg den tida dei treng for å lære, til å leike, til å leve i og oppleve fellesskap med andre.

Sando barnehage skal vera ein god stad å vera både for små og store.. Barna skal oppleve glede, føle seg betydningsfulle og velkomne hos oss. Me vil skape gode barndomsminne ved å bry oss om kvarandre, vera ein del av eit fellesskap og føle at eg er verdt noko – uavhengig av prestasjonar.Me legg vekt på gode naturopplevingar året rundt

Hovedfokus: Kreative barn og vaksne skal ut på fargesprakande eventyr.

Desse tre hovudområda heng tett saman, og gjer ein heilhet i det me ynskje skal vera det gode liv i barnehagen vår. Samtidig gjer dei oss rom til å flette inn alle fagområda frå rammeplanen og me kan langt på veg utføre det meste ute.

Satsingsområde gjeldande periode: "Natur, friluftsliv og fysisk aktivitet", "Digital praksis - Sando barnehage møter naturen gjennom linsa" og "Betre læring i Ål kommune - Implementering av ny rammeplan og inkluderande barnehage- og skulemiljø. For meir informasjon les barnehagen sin årsplan. 

Årsplan og infohefte for barnehagen

Årsplan del 1 2018-2019.docx

Årsplan del 2 handlingsplan 18-19 – foreldreversjon.docx

Infohefte Sando barnehage.docx

 

 

 

Opningstider

Måndag til Fredag 07.00 - 17.00

Planleggingsdagar 2018-2019:

  • Torsdag 16.08.18
  • Fredag 17.08.18
  • Fredag 16.11.18
  • Mandag 28.01.19
  • Fredag 31.05.19

Råd og utval

Medlemmer og varamedlemmar i SU 2018-2019

Leiar Torunn Bjørnsen Tlf: 47656665 torunnbjo@gmail.com
Nestleiar Tonje Tufto Tlf: 94288718 tonje.tufto@hotmail.com
Referent  Bernt Ivar Hjelmsø  Tlf: 95788891 bernt.ivar.hjelmso@aal.kommune.no
Medlem Kaia O. Ystad  

Kaia.otteraaen.ystad@aal.kommune.no

Medlem Alette Sjølie   alette.sjølie@aal.kommune.no
Vara Ingebjør S. Torsgard    
Vara Marianne Sørbøen    
Vara Mari-Irene Slåtten    
Vara Marit Sollien Høgberg    
Kom.repr  Børge Bekkestad       

Medlemmer i FAU (arbeidsgruppe) 2018-2019

Leiar Tonje Tufto Tlf: 94288718  tonje.tufto@hotmail.com
Medlem Torunn Bjørnsen    
Medlem Iselin Haugo    
Medlem Ingebjør S. Torsgard    
Medlem MArianne Sørbøen    

 

Felles informasjon

Her finn du felles informasjon om barnehagane i Ål kommune.

Sando barnehage

Besøksadresse:

Oppsatovegen 145
3570 Ål

Postadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 32 08 54 65

Kontaktperson: Bernt-Ivar Hjelmsø

Tittel: Styrar

Telefon: 957 88 891