Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Nordbygdene barnehage

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål

Adresse

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Nordbygdvegen 948, 3570 Ål

Nordbygdene barnehage, Foto: Even Medhus

 

Generell informasjon

Nordbygdene barnehage er ein kommunal barnehage med 36 plassar fordelt på to avdelingar. Dei fleste borna som går her kjem i frå bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Desse tre småbygdene vert tilsaman kalla Nordbygdan.

Barnehagen har vore i drift sidan hausten 1989. Nordbygdene barnehagen ligg vegg i vegg med Nordbygdene skule, og har eit tett samarbeid m/skulen når det gjeld uteleikeplass, turområde, bruk av gymsal og felles personalrom.

Rundt omkring oss har me ei levande bygd med gardsdrift, husdyr og flotte turområde i skogen og på fjellet. På vinteren er me så heldige å ha akebakke og oppkøyrde skiløyper på jordet rundt barnehagen/skulen, og lysløypa er like ved.

Vår visjon og grunnsyn      

"ALLE KAN OG ALLE VIL; LEIKEGLEDE OG FELLESSKAP DET FÅR ME TIL!"

 

Alle born som går i Nordbygdene barnehage skal oppleve:

  • å verte respekterte og verdsatt for den dei er
  • omsorg og inkludering i eit aldersblanda fellesskap
  • leik og aktivitetar som gjev dei kjensle av meistring, glede og meiningsfull læring
  • alle vaksne som varme, anerkjennande og tydelege (= autoritative vakse)
  • glede og humor i kvardagen
  • nærleik og kjennskap til eit levande bygdemiljø med fokus på vår kulturarv, lokalhistorie og folk som bur i bygda
  • turar som gjev dei positive naturopplevingar og kjennskap til mangfaldet i naturen
  • positive møtepunkt mellom ulike aldersgrupper slik at overgangen i frå barnehagen til skulen blir trygg og god
  • å bli høyrd og sett slik at dei kan vere med å påverke kvardagen i barnehagen
  • hjelp og støtte til å takle følelsar både i motgang og medgang
  •  å få høve til å roe seg ned og slappe av/kvile i løpet av dagen

Årsplan 2020-2021.docx

Ein "Være sammen"- barnehage

Nordbygdene barnehage har tatt i bruk programmet "Være sammen" som er utarbeida av Pål Roland m/fleire. Ved å arbeide systematisk med dette programmet over tid vil me styrke barnehagen sitt psykososiale miljø slik at alle born skal kjenne seg verdsatt og inkludert i fellesskapet.

Me legg difor vekt på:

- gode relasjonar mellom barn og vaksne

- den autoritative vaksenstilen (dvs. varme og tydelege vaksne i samspel med medverkande barn)

- barns sosiale kompetanse og handtering av utfordrande adferd

- fagleg kompetanseheving og veiledning av personalet

Progresjonsplan - Være Sammen.docx

 

 

Opningstid

Vanleg drift:  07.00 - 17.00

På gult smitte nivå jmf. covid-19:  07.30 - 16.30 

Barnehageåret 2020 - 2021 er barnehagen stengt i jul, påske og veke 29, 30.

 

Planleggingsdagar barnehageåret 2020/2021:

  •  Torsdag 13.august 2020
  •  Fredag 14.august 2020
  •  Fredag 20.november 2020
  •  Måndag 1.mars  2021  (vinterferien)
  •  Fredag 14.mai 2021

Råd og utval

FAU 2020/2021: 

  • Leiar: Ragna Torkelsgard
  • Nestleiar: Eirik Lystrup

SU 2020/2021:

Nordbygdene barnehage og Nordbygdene skule har felles SU; - 4 foreldre, 4 tilsette, 2 elevar, 1 politikar.  Styrar og rektor deltek på møtene som sakshandsamar og referent.

  • Leiar: Ruth Marie Koksvik
  • Nestleiar: Eirik Lystrup

Felles informasjon

Her finn du felles informasjon om barnehagane i Ål kommune.

Nordbygdene barnehage

Besøksadresse:

Nordbygdvegen 948
3570 Ål

Postadresse:

Nordbygdvegen 960
3570 Ål

Telefon: 32 08 54 70

Kontaktperson: Einfrid Hagen

Tittel: Styrar

Telefon: 995 27 757