Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Betalingssatsar/betalingsreglement 2019

Betalingsreglement for barnehagane pr 01.01.19:

1. Betalingssats frå 01.01.19:
5 dagars barnehageplass – kr 2 990,- pr månad
4 dagars barnehageplass – kr 2 700,- pr månad
3 dagars barnehageplass – kr 2 350,- pr månad

Betalingssats frå 01.08.19:
5 dagars barnehageplass – kr 3 040,- pr månad
4 dagars barnehageplass – kr 2 750,- pr månad
3 dagars barnehageplass – kr 2 400,- pr månad

2. Syskenmoderasjon:
Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nr 2 og 50 % syskenmoderasjon for barn nr 3 eller fleire.

3. Moderasjonsordningar for hushaldningar med låg inntekt:
a) Reduksjon i foreldrebetalinga
b) Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar
Sjå retningsliner og søknadsskjema på www.aal.kommune.no

4. Kjøp av ekstra dag:
Barn med fast plass i barnehage kan ved ledig kapasitet gjere avtale med barnehagen om å kjøpe ekstra dagar. Kjøpedagar kostar kr 250,- pr dag.

5. Mat i barnehagen:
Mat i barnehagen skal vere sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling.
6. For sein henting:
Føresette som gjentatte gonger ikkje hentar sine barn til rett tid, må etter ein skriftleg advarsel betale kr 150,- pr. påbegynt ½ time ved for sein henting.

7. Utsending av faktura
Det vert sendt faktura for 11 månader. Juli er betalingsfri månad og føreset at barnet er ute fire heile veker i løpet av barnehageåret. 
Forfallsdato 20. i kvar månad.

8. Manglande betaling
Ved manglande foreldrebetaling i meir enn 2 månader, vert det sendt varsel om oppseiing av plassen.