Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommune- og fylkestingsvalet 2015

Val til kommunestyre- og fylkestingsval vert halde kvart fjerde år. Nyttar du røysteretten din er du med på å velje dei personar og parti som skal styre landet vårt dei neste fire åra.

Hausten 2015 er det kommunestyre- og fylkestingsval, og valdagen er fastsett til måndag 14.september 2015

Om du ikkje har høve til å røyste på valtinget kan du røyste på førehand.

Les meir om val under punkta til venstre på sida!

Valstyret

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Ål kommune sitt valstyre har 7 medlemer:

Ivar Brevik (Sp) leiar Torhild Helling Bergaplass (H) nestleiar Ingeborg Kaslegard Frydenlund (KrF) Ove Bråten (V) Harald Varlid (Ap) Ida Marie Holen (Frp) Per Ove Nybråten (SV)

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Ål Torget 1 3570 Ål

Epost: postmottak@aal.kommune.no Telefon: 32085000

Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valavviklinga er Tove Østingsen

Listeframlegg

Her finn du listeframlegg frå politiske parti i Ål til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015.

Vi har 6 lister frå 6 politiske parti. Sosialistisk venstreparti stiller ikkje liste til valet i 2015.

Listeframlegga finn du her

Valportalen