Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommuneplanen

Kommuneplanen består av tekstdelen, arealdelen og økonomiplanen. Tilsaman er dette det viktigaste styringsverktøyet vedteke av kommunestyret.

Kommunal planstrategi 2017-2019

Kommuneplanens tekstdel

Kommuneplanens tekstdel gjeld for 2015-2027 og omfattar mål for utviklinga i Ål og retningsliner for kommunal tenesteproduksjon.

Arealdelen av kommuneplanen

Arealdelen av kommuneplanen inneheld kart og føresegner for arealbruken.
I tillegg fins kommunedelplanar for ulike tema og arealplanar som syner forvaltinga av areal og andre naturressursar, sjå lista under andre planar og i planarkivet.

Ein gong i kvar kommunestyreperiode skal politikarane i Ål vurdere om kommuneplanen, arealdelen eller nokre av kommunedelplanane skal endrast. Det er då dei vedtek planstrategien som viser kva planar kommunestyret ynskjer å revidere når.

Revidering av arealdelen av kommuneplanen 2022-2035

Overordna arealføringar for kommunens arealbruk:
Kommunestyret ved tok i sak 7/21 den 18.02.2021 overordna arealføringar for kommunens arealbruk. Dei overordna arealføringane vil vere eit tillegg til til kommuneplanens tekstdel (samfunnsdelen)og vere førande for arbeidetmed revisjon av arealdelen av kommuneplanen.
Overordna arealføringar for kommunens arealbruk

 

Planprogram:
Planprogram for revidering av arealdelen av kommuneplanen ble fastsatt av kommunestyret i sak 6/21 den 18.02.2021.
Planprogram - Arealdelen av kommuneplanen 2022-2035


Andre dokument for det vidare planarbeidet:
Status gjeldande arealdel kart og føresegner

Vedtatt grovsilingsdokument + vedtak i sak 4/21 kommuneplanutvalet 08.03.2021:
Vedtak sak 4/21
Grovsilingsdokument 

 

Vidare saksgang:
1. gangs handsaming av planforslag hausten 2021.

Spørsmål knytt til den vidare prosessen kan rettast til sakshandsamar Sandra Marie Paulsen på sandra.paulsen@aal.kommune.no eller tlf. 32 08 50 00 (kl. 9-15).

Kommunedelplan for Sundre

Tettstaden har ein eigen arealplan. Komunedelplanen for Sundre er vedteke 21.09.2017. Planen omfattar arealet mellom Granhagen i vest og Sando i aust. I tillegg ligg Øvre-Ål og Vestlia innanfor planområdet. Planen inneheld plankart og føresegner. Plankartet er i pdf versjonen delt i fleire kartblad. Dette fordi omsynssoner gjer kartet vanskeleg å lese. Planen er vedteke med alle omsynssonene som ligg i dei ulike kartblada. Planen kan også sjåast på kommunekart på pc og nettbrett.

Plankartet for kommunedelplan for Sundreområdet har en teknisk feil, da enkelte private vegar ikkje er med på kartet. I tillegg er det ein strek for mykje i sone omsynssone friluftsliv ved Ulshagen.
Planen som ligg i selve kartprogrammet er riktig.
Ål kommune ber om orsak for dette.  

Kommunekart

Plankart Kommunedelplan for Sundreområdet

Vedteke plankart_Kommunedelplan for Sundreområde_.pdf

Kommunedelplan for Sundreområdet_inkl omsynssone jord og flaumskred godkjent 21.09.2017.pdf

Kommunedelplan for Sundreområdet_inkl omsynssone reg.planar som framleis skal gjelde_godkjent 21.09.2017.pdf

Kommunedelplan for Sundreområdet_inkl omsynssone snøskred godkjent 21.09.2017.pdfKommunedelplan for

Kommunedelplan for Sundreområdet_inkl omsynssone fareområde støy godkjent 21.09.2017.pdf

Sundreområdet_inkl omsynssone steinsprang godkjent 21.09.2017.pdf

Kommunedelplan for Sundreområdet_inkl fareområde Flaum godkjent 21.09.2017.pdf

Føresegner

Vedteke føresegner kommunedelplan for Sundreområdet.pdf

 

Kommunedelplan for Primhovda

Kommunedelplan for Primhovda kartet og planføresegnene kan du lesa her.

Økonomiplanen

viser prioritering av investerings- og driftstiltak i den neste 4 års perioden.

Økonomiplan og budsjett 2021 - 2024, vedteke i kommunestyret 17.12.20