Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Høyringar og kunngjeringar

Høyringar 

Revidering av lokal forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag

Sektorutval for teknisk, næring og ressurs vedtok i møte den 24.09.2019, sak nr 72/19 å legge framlagte forslag til revidering av lokal forskrift til Lov nr 82 av 10. juni 1977 om motorferdsel i utmark og vassdrag ut på høyring.

Føremålet med denne forskrifta er ut frå eit samfunnsmessig heilskapssyn å regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivsel.

Forslaget opnar opp for at det kan nyttast båt med motorstyrke inntil 10 hk på vatn som er mindre enn 2 km
2 med grunneigars samtykke til følgjande føremål:
a) For turisthytter/ serveringsstader som ledd i næring.
b) I samband med kultivering av fiskevatn.
c) I samband med jakt på hjortevilt og garnfiske.
d) Transport av arbeidsfolk, materiell og utstyr i samband med lovleg oppføring, tilbygg eller reparasjon av bygningar og anlegg.
e) Til og frå hytte utan vegsamband.

Forslaget vidarefører forbod mot landing og start med luftfartøy i Ål kommune, samt områder som er unntatt frå forbodet frå den gamle lokale forskrifta.

Forslaget inneheld også eit generelt forbod mot all bruk av vasskuter i Ål kommune.

Eventuelle merknader vert sende skriftleg til Ål kommune, Torget 1 3570 Ål eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no.

Høyringsfristen er 04.12.2019


Forslag til ny forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag

 

Kunngjeringar

Reguleringsendring - Nystølliasameiga F6-10B
Ål kommune vedtok den 20.11.2019 i sak 18/02185, delegert vedtak om reguleringsendring for del av "detaljregulering Nystølliasameiga F6-10B" med tilhøyrande plankart. Dette i medhald av plan- og bygningslova §12-14.  
Vedteken plan finn du i planarkiv, planID 2013002.

Vedtaket kan i samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-12 og 1-9, jf. Forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Ei eventuell klage vert å sende skriftleg til Ål kommune, 3570 ÅL, postmottak@aal.kommune.no. Klagefristen er 3 veker, rekna frå den dagen vedtaket kom fram.

 

Reguleringsendring - Vest for Kinnhovdun
Ål kommune vedtok den 30.10.2019 i sak 19/02181, delegert vedtak om reguleringsendring for del av "detaljregulering Vest for Kinnhovdun" med tilhøyrande plankart. Dette i medhald av plan- og bygningslova §12-14.  
Vedteken plan finn du i planarkiv, planID 2004010.

Vedtaket kan i samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-12 og 1-9, jf. Forvaltningslovas kap. VI, påklagast til departementet. Ei eventuell klage vert å sende skriftleg til Ål kommune, 3570 ÅL, postmottak@aal.kommune.no. Klagefristen er 3 veker, rekna frå den dagen vedtaket kom fram.

 

Varsel om oppstart av planar

Varsel  om oppstart av planarbeid - Detaljregulering gang- og sykkelveg Wangen - Torpo Stavkyrkje

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg Wangen – Torpo Stavkyrkje i medhald av plan- og bygningslova §12-8.

Det foreløpige planområdet strekker seg langs Fv. 2928 (242) på strekninga Wangen i vest til Torpo Stavkyrkje i aust (sjå vedlagte varslingskart). Det er ikkje endeleg avklart kva for side av fylkesvegen gang- og sykkelvegen skal gå på. Planområdet er på om lag 28 daa. Formålet med detaljreguleringa er å etablere ein gang- og sykkelveg frå næringsområdet på Wangen til eksisterande fortau ved Torpo Stavkyrkje. Gang- og sykkelvegen vil sikre trygg ferdsel for mjuke trafikantar langs Fv. 2928 inn til Torpo

Heile området er i dag omfatta av kommuneplanens arealdel, planid 2006021. Området er avsett til LNF-3 grender, bustadområder og veg.

Varslingskart finn du i Ål kommunes planarkiv under planID 2019005

Planarbeidet vert utført av Ål kommune. Eventuelle merknader kan sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no, innan 29.01.2020.


Varsel  om oppstart av planarbeid - Detaljregulering turveg Breie - Kleivi

 Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan for turveg Breie – Kleivi i medhald av plan- og bygningslova §12-8.

Det foreløpige planområdet strekker seg langs Rv. 7 og Strandafjorden på strekninga mellom Breie i aust og Kleivi i vest (sjå vedlagte varslingskart). Planområdet er på om lag 50 daa. Formålet med detaljreguleringa er å etablere ein turveg mellom Breie og Kleivi. Det er eit ønske frå grunneigarane på strekninga mellom Breie og Kleivi at turvegen regulerast inn på sørsida av Rv. 7. Turvegen vil sikre trygg ferdsel for mjuke trafikantar langs Rv. 7 på nordsida av Strandafjorden mellom Breie og Kleivi. Turvegen vil også gjera det mogleg å ta ein rundtur rundt Strandafjorden, med bruk av Tiltaksvegen på sørsida av Strandafjorden.

Området ligg innanfor kommuneplanens arealdel, planid 2006021. Området er avsett til LNF-3 grender og veg.

Varslingskart finn du i Ål kommunes planarkiv under planID 2019001

Planarbeidet er eit samarbeidsprosjekt mellom Styringsgruppa for Strandafjorden Rundt og Ål kommune. Eventuelle merknader kan sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1 3570 Ål eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no,innan 29.01.2020