Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Presentasjon

Velkomen til Ål

Ei fjellbygd midt i Sør-Noreg - men kva slags bygd? kulturbygd? friluftsbygd? jordbruksbygd? helsebygd? hyttebygd?
bygda å bu i
Generell informasjon - Nær 4800 menneske - 1173 kvadratkilometer. - 22 mil til Oslo - 24 mil til Bergen - riksveg 7 og Bergensbanen passerar Ål - tettstaden Sundre er sentrum i Ål - tre kyrkjesokn; Ål, Torpo og Leveld - fire barneskular og ein ungdomsskule - sju barnehagar, av dei to private, god dekking - Ål vidaregåande skule med avdelingane Ål og Lien på Torpo - Ål folkehøgskule og kurssenter for døve og høyrande, Bakketeigen - Hallingdal sjukestugu
Næringsliv - Ål er ei tradisjonell landbruksbygd, største husdyrkommunen i Buskerud. - Hallingdal sjukestugu med sitt sjukehustilbod til dalen i tillegg til det kommunale helsestellet, gjev bygda stor helseekspertise og mykje helsepersonell. - Skulesenter med Ål vidaregåande skule, Lien Landbruksskule og Ål Folkehøgskule og kurssenter for døve.
- Reiselivet har i Ål ein annan profil enn i dei andre bygdene i Hallingdal. Ål har ikkje dei store turistbedriftene, men meir familie- og hytteturisme. Kulturhuset har ringverknader med tanke på kultur som næringsveg, og saman med avisa Hallingdølen og nyetablerte bedrifter har kultur, media og IKT blitt eit viktig satsingsområde for bygda.
- Industriverksemd ved Kleivi Næringspark, Torpo Næringshage, Gullhagen og Oppsjø har styrka Ål som næringskommune. - Ål er leiande i Hallingdal innafor byggebransjen, med fleire store entreprenørfirma og firma innan elektro, VVS i tillegg til arkitekt- og konsulentfirma.
Kulturbygda Kulturlivet har lange tradisjonar og mange uttrykk. I 1992 vart det bygd eit regionalt kulturhus som har markert Ål og Hallingdal på kulturkartet både med spennande eigenproduksjonar og gjestande artistar av høg internasjonal kvalitet.

Faste arrangement Her er fylgjande faste arrangment:
Den norske folkemusikkveka blir arrangert i månadsskifte mai/juni kvart år. Ål cup i handball (april/mai) og fotball (august) for aldersbestemte klassar.
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival er landets største skikyttarstemne for aldersbestemte klassar (april).
Riksteatret har fast spelestad i Ål kulturhus
Bendit Alpinfestival er verdas største alpinfestival for ungar under 12 år. Denne blir arrangert i Ål skisenter i mars kvart år.

Ål skisenter
Idrettsarenaer Gymsalane på skulane er flittig brukt
Ål idrettshall, eigd av Ål kommune, ligg saman med skulane i sentrum. Hallen har innandørs skytebane og klatrevegg.

Ål skulepark ligg ved Ål ungdomsskule. Her er det eigen sykkelpark, klatrestativ, apparat for å trene styrke og krafttrapp. På vinteren er det køyrt opp skiløype i området. Denne er omlag ein kilometer lang. Det er ein eigen plass for grilling.
Liatoppen skisenter med fylkesanlegg for skiskyting har årvisse skiskytings- og langrennsarrangment, eigd og driven av alle idrettslaga i bygda saman med skiskyttarlaget.
Ål idrettspark for friidrett og fotball er eigd og blir driven av Ål idrettslag.
Bakketun idrettsplass er Torpo Idrettslag sitt anlegg
Den gjevaste idrettsarenaen er likevel åsen og fjellet med merkte stigar og ca 400 km preparerte skiløyper.

Kommunevåpen

Motivet i kommunevåpenet er "Åkle-mønster" frå Ål.

Dei tre mønstra symboliserer samstundes dei tre kyrkjesokna i kommunen med tettstadane Sundre, Leveld og Torpo.