Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Personvernombod Ål kommune

Personvernombodet skal jobbe for å unngå krenking av personvernet både ovanfor innbyggjarar og tilsette.

 paragrafteikn

Kontaktinformasjon Personvernombod: Inger Lervåg, Torget 1, 3570 Ål.

Telefon 3208 5000 e-post: personvernombodet@aal.kommune.no

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal mellom anna å bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva for personopplysningar som vert samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som vert  behandla.
  • Gir innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei opplysningane gjeld før opplysningane vert behandla.
  • Beskytter informasjonen slik at den ikkje kjem på avvegar.
  • Vurderer risiko for sikkerheitsbrot og konsekvensar.
  • Sletter personopplysningar det ikkje lenger er behov for.

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrker verksemda sin kunnskap og kompetanse om personvern.
Personvernombodet rettleiar verksemda slik at personopplysningar vert behandla på ein god måte og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, internkontroll og informasjonssikkerheit. Meir konkret betyr dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og personopplysningar på avvegar.

Gjennom at Ål kommune har eit personvernombod er kommunen friteken for meldeplikta som følger av personopplysningslovens § 31. Men konsesjonsplikta gjeld.

Meir informasjon om personvernombud finn du på Datatilsynets nettsider.

Personvernerklæring for Ål kommune - kjem