Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Miljøfyrtårn

Ål kommune er ein sertifisert miljøfyrtårn kommune. Buskerud fylke er eit miljøfyrtårnfylke, det vil seie at Buskerud oppmodar og støttar kommunane sine til å vera miljøfyrtårn. Alle kommunane i fylket, med unntak av ein, har gjort vedtak om å bli miljøfyrtårnkommune.

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljøvennleg og samstundes lønsamt. Ein godkjent konsulent hjelper deg med å finne fram til effektive miljø- og klimatiltak. Verksemda blir godkjent av ein offentleg sertifisør. Sertifikatet bestillast hos Stiftelsen Miljøfyrtårn og utstedast av sertifisør og ordførar i kommunen. 

Økt kildesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvær er positive resultat som vert oppnådd gjennom sertifisering. Stadig fleire offentlege instansar og private verksemder stiller krav til leverandørane sine om at dei er miljøsertifiserte.

Info miljøfyrtårnkommunar

"90% Først mot fremtiden"

Buskerud Fylke (BFK) sin regionale reiselivsplan "Først mot fremtiden" har som mål å få 90% av kommersielle reiselivsverksemder miljøsertifisert inna utgangen av 2016. Dette må ikkje nødvendigvis vera miljøfyrtårn, men kan også vera til dømes Svanen, Green Key, ISO, Norsk Økoturisme, Blått flagg.

Støtte til sertifisering 

Som reiselivsverksemd har ein moglegheit til å få stønad til å bli sertifisert. Ein vil få hjelp av ein miljøkonsulent til å gå gjennom verksemda, og leggja ein plan for å bli sertifisert. Frå start til ferdig sertifisert kan det gå 3 mnd. og opp til eit år, alt etter kva type verksemd og storleik. Av konsulentkostnadane vil ein få refundert inntil 50% (inntil 20 000 NOK) frå Buskerud Fylkeskommune når ein er ferdig sertifisert.

Krav frå BFK og Innovasjon Norge

BFK og IN har som krav når dei gjev støtte og tilskot at ein er/har starta arbeidet for å bli miljøsertifisert. Dette er ôg noko som gjer at fleire og fleire no ser verdien av å bli miljøsertifisert.

Samarbeidspartnarar

Sertifiseringsordninga vert forvalta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Hovudorganisasjonen VIRKE, NHO, Landsorganisasjonen (LO), Bedriftsforbundet, kommunar/fylkeskommunar og KS har representantar i stiftelsens styre.

Rettleiing

For reiselivsverksemder i Buskerud Fylke, kontakt RePlan for nærare informasjon om "Først mot fremtiden" si satsing og hjelp til å koma i gang. RePlan er prosjektleiarar for fylkeskommunen.

For andre verksemder som vil bli miljøfyrtårnsertifisert skal ein kontakte ein miljøfyrtårnkonsulent (ta kontakt med eigen kommune) som bidreg til å velje bransjekrav. Det er utvikla krav innafor ulike bransjar (til dømes røyrleggar, hotell, barnehage og skule). Med støtte av konsulenten gjennomfører verksemda ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava, kontaktar konsulenten sertifisør i kommunen. Verksemda sertifiserast og rapport sendast Stiftelsen Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen.
Etter tre år skal verksemda resertifiserast. Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftelsen Miljøfyrtårn.