Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunevåpen

Ål kommune har nær 4800 innbyggarar og ligg midt mellom Bergen og Oslo.
Det er tre kyrkjesokn; Ål, Torpo og Leveld.
Motivet i kommunevåpenet er "Åkle-mønster" frå Ål. Dei tre mønstra symboliserer samstundes dei tre kyrkjesokna i kommunen med tettstadane Sundre, Leveld og Torpo. Kommunevåpenet vart teikna i 1984 av Stein Davidsen og fargane skal vere i raudt/kvitt/sølv

Logoens farger
Pantone:
Rød: Pantone 485
Sølv: Pantone Silver
Sort: 100% sort

CMYK:
Rød: 0/95/100/0
Hvit: 0/0/0/0

Ved bruk av fargelogoar tilrår Riksarkivet å bruke logo med kvite åklemerker på raud bakgrunn i alle tilfeller bortsett frå der ein skal trykke i sølv. 

Ål kommune bruker Helvetica Bold som hovedfont i sine kommunevåpenlogoar.

Ål er ei tradisjonell landbruksbygd og største husdyrkommunen i region Buskerud.
Hallingdal sjukestugu med sitt sjukehustilbod til dalen i tillegg til det kommunale helsestellet, gjev bygda stor helseekspertise og mykje helsepersonell.

Reiselivet har i Ål ein annan profil enn i dei andre bygdene i Hallingdal. Ål har ikkje dei store turistbedriftene, men meir familie- og hytteturisme.

Kulturlivet har lange tradisjonar og mange uttrykk. I 1992 vart det bygd eit regionalt kulturhus som har markert Ål og Hallingdal på kulturkartet både med spennande eigenproduksjonar og gjestande artistar av høg internasjonal kvalitet.