Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunereform

Kvifor kommunereform?

I Sundvolden-erklæringa står det at "Regjeringen vil gjennomføre en kommunereform, hvor det sørges for at nødvendige vedtakblir fattet i perioden...Regjeringen vil foreta en gjennomgang av oppgavene til fylkeskommunene, fylkesmennene og staten med sikte på å gi mer makt og myndighet til mer robuste kommuner".t nødvendige vedtak blir fattet i perioden… Regjeringen vil foreta en gjennomgang av oppgavene til fylkeskommunene, fylkesmennene og staten med sikte på å gi mer makt og myndighet til mer robuste kommuner»
Det er i dag 428 kommunar i Noreg.

Det er 50 år sidan forrige kommunereform og kommunane har fått betydeleg større ansvar for velferdsoppgåver sidan den gong. Regjeringa ynskjer kommunar som er betre rusta til å handtere oppgåvene dei har, og som kan møte dei nye utfordringane og dei nye oppgåvene som kjem i åra framover. Stortinget har gjeve tilslutning til å gjennomføre ei kommunereform. Kommunereforma skal legge til rette for at kommunar slår seg saman til større, og meir robuste eningar med auka makt og mynde.

Hol og Ål

Hol kommunestyre vedtok i møte 25.3.2015, sak 7/15 at «kommunesammenslåing med Ål utredes etter modell fra sammenfallende prosess i 2003». Ål kommune vedtok i møte 25.06.15, sak 45/15 at «kommunesammenslåing med Hol kommune skal utgreiast etter modell samanfallende med prosess i 2003». Våren 2016 skal det haldast ei rådgjevande folkerøysting om kommunesamanslåing mellom Hol og Ål kommune. I framkant av dette vert det lagt opp til brei innbyggjarinvolvering i form av folkemøter.

Folkemøter

Det har hausten 2015 vore arrangert fire folkemøter med ulike tema. Møtene var opne for alle.

  • 2 september på Ål: Generelt om kommunereform. Fylkesmannen i Buskerud deltok.
  • 23. september på Geilo: Næring, landbruk og reiseliv 
  • 21. oktober på Ål: Kommunale tenester og økonomi
  • 11. november på Geilo: Kraft og eigedomsskatt

Tid og stad vart offentleggjort i Hallingdølen og på kommunane sine heimesider.

Utgreiing av kommunesamanslåing

Administrativt arbeider dei to kommunane saman om å utgreie konsekvensane av ei mogeleg kommunesamanslåing. På bakgrunn av konsekvensutgreiinga er det utarbeidd ein kortversjon som er sendt ut til alle innbyggjarane i Hol og Ål i framkant av den rådgjevande folkerøystinga.

Vidare politisk handsaming

Innan juni 2016 skal kommunestyrene i Hol og Ål kommune ha fatta vedtak om eventuell kommunesamanslåing.