Områdeanalysar av april 2026
Område 1. Øvre Ål, Torsbu, Primhovda og Ål skisenter.pdf
Område 4. Torpo-, Oppheimsåsen og Syningen.pdf
Område 8. Bergsjø-Rødungen.pdf
Folkemøte om områdeanalysane
I tråd med planprogrammet (rev. mai 2025) for Kommuneplanens arealdel, driv administrasjonen og utarbeider områdeanalysar over hytteområda i Ål. Områdeanalysane skal nyttast for å sjå innspela som har gått vidare frå grovsiling i ein større samanheng, og vil bli eit viktig kunnskapsgrunnlag til konsekvensutgreiingane og planrevisjon (planvask).
I samband med dette arbeidet ynskjer administrasjonen i hovudsak innspel på desse tema:
Punkt 1. Kjenneteikn frå området
- Landskap, særpreg, historikk og dagens bruk
- Attraksjon/ aktivitetar
Punkt 3: Infrastruktur og vatn og avløp
- Eige eller felles avløpsløysing og/eller vassverk
Punkt 3: Infrastruktur og skiløyper og stigar
- Eksisterande løypenett
- Umerka stigar
- Kryssingspunkt mellom skiløype og veg
- Behov for omleggingar / sambindingsløyper?
Punkt 5: Naturverdiar, klima og miljø
- Viktige grøne korridorar for vilt og beitedyr
Det er gjennomført fire folkemøte for å informere om planprosessen og for å få innspel til arbeidet med analysane. Under ligg presentasjonane frå desse møta, som fungerer som referat. Alle innspela som er kome inn til kvart område vil bli lagt her når fristen for innspel er ute.
Presentasjon - Øvre - Ål, Primhovda, Torsbu og Ål skisenter - Folkemøte 250226
Presentasjon - Sangefjell og Veståsen - Folkemøte 26.02.26
Presentasjon - Torpo, Opheim og Votndalsåsen - Folkemøte 03.03.26
Presentasjon - Leveld, Vats og Bergsjø - Folkemøte 04.03.26
Har du innspel? Send inn innan fristen 13. mars 2026 til: postmottak@aal.kommune.no
Merk gjerne innspelet med "områdenamn".