Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kulturpris og stipend

Kulturpris

Ål kommune deler ut kulturpris til nokon kommunen ynskjer å heidre for framifrå arbeid for kultur- eller idrettslivet i bygda.

Prisen er eit trykk av Trond Andersson og 10.000,- kroner. 
Alle som ynskjer det kan koma med grunngjevne framlegg til kandidatar.

Sektorutval for kultur og oppvekst kan også sjølv koma med framlegg til kandidatar.

Søknadsfrist: 15. november kvart år.

Sektorutval for kultur og oppvekst vurderer søknadene og avgjer tildelinga.

I 2020 var det "Durspeltradisjonen i Ål" som fekk den gjeve prisen.

Kulturprisvinnarar fram til 2020

Kulturskulen Foto: Ådne Kvammen

Stipend til ungdom

Ål kommune har vedteke ät det årleg skal delast ut eitt kulturstipend og eitt idrettsstipend til ungdom.

Stipenda er på 10 000 kroner kvar. Målet er å premiere ungdom som lukkast med prestasjonar i sine aktivitetar og slik representerar lokalsamfunnet Ål på ein framifrå måte.

Stipendet skal gje ungdomane inspirasjon og høve til å vidareutvikle seg innan sitt felt.

Kriteria for tildeling av stipend:

1.    Stipendet skal gå til einskildpersonar eller/og grupper av personar som har bustadadresse i Ål

2.    Aldersgruppe: 15-24 år

3.    Den einskilde ungdom kan sjølv søkje om stipend og andre kan sende inn framlegg til kandidatar

4.    Det skal leverast ei grunngjeving med søknaden/framlegget

Dei ulike kandidatane kan drøftast med relevante fagmiljø (Ål idrettsråd, Ål musikkråd, utøvande/ fagpersonar innan aktuelle felt).

Søknadsfrist: 15. november kvart år.

·         Søknadsskjema: ingen

·         Alle framlegg skal sendast til postmottak@aal.kommune.no

Stipend for ungdom - vinnarar fram til og med 2020

Sektorutval for kultur og oppvekst vurderer søknadene og avgjer tildelinga.
Prisen vert delt ut i Kommunestyret i desember.

 HDK bygdemønstringa 2019, Foto: Knut Utler