Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Helsestasjon

Helsestasjon

Helsestasjonen er ein del av kommunen sitt helsefremjande og forebyggjande arbeid retta mot barn 0-5 år og foreldra deira. Helsestasjonane arbeider for å fremje barn si helse og trivsel, samt forebyggje sjukdom. Helsestasjonen følger opp barnet og familien deira etter fastsett program frå Helsedirektoratet. Det vert særskilt lagt vekt på barnet si fysiske og psykososiale utvikling.

Helsestasjonen skal støtte foreldre i foreldrerolla og dermed bidra til å fremje barn si helse.  

Når eit barn blir fødd blir det sendt fødselsmelding til helsestasjonen. Jordmor og helsesjukepleiar vil ta kontakt for å avtale heimebesøk.  

Barnet blir innkalt til faste konsultasjonar på helsestasjonen.  

Ved helsestasjonen kan føresette få rettleiing og støtte i spørsmål som knytter seg til barnet si helse og trivsel. Det gis tilbod om rettleiing både individuelt og i grupper.  

Timebestilling

Hvis du er ny på Ål, ring for å avtale første time. 

Kontaktpersonar:

Anikken Teigen 3208 5290

Randi Torgun Myhre 3208 5290

Adresse: Familiens hus, Sundrevegen 95, 3570 Ål 

Ope måndag - fredag 08.30-15.00.

Telefon: 32 08 52 90

Ved kontakt på e-post eller sms IKKJE send sensitiv informasjon.

For timebestillingar og endringar, ta kontakt på telefon.

Helsestasjonen oppmodar om å opprette digital postkasse. Timeinnkallingar blir sendt digitalt frå helsestasjonen.

Kva tilbyr helsestasjonstenesta?
  • Helseundersøkingar og rettleiing med oppfølging og henvisning ved behov.
  • Barnevaksinasjonsprogrammet.
  • Forebyggjande psykososialt arbeid.
  • Opplysningsvirksomheit  individuelt og i grupper.
  • Heimebesøk/oppsøkjande virksomheit.
  • Samarbeid om barn og ungdom med særkilte behov, herunder kronisk sjuke og funksjonshemma.
Helsestasjonsprogrammet
Nyfødd Heimebesøk av jordmor 1-3 dagar etter fødsel. 7-10 dagar etter fødsel.
 4 veker Gruppekonsultasjon/enkeltkonsultasjon v/helsesjukepleiar.
6 veker Konsultasjon med lege og helsesjukepleiar, vaksinasjon.
3 mnd Konsultasjon med helsesjukepleiar, vaksinasjon.
4 mnd Gruppekonsultasjon/enkeltkonsultasjon med fysioterapeut og helsesjukepleiar.
5 mnd Konsultasjon med helsesjukepleiar, vaksinasjon.
6 mnd Konsultasjon med lege og helsesjukepleiar.
8 mnd Gruppekonsultasjon/enkeltkonsultasjonar med helsesjukepleiar.
10 mnd Konsultasjon med helsesjukepleiar.
12 mnd Konsultasjon med lege og helsesjukepleiar, vaksinasjon.
15 mnd Konsultasjon med helsesjukepleiar, vaksinasjon.
18 mnd Gruppekonsultasjon/enkeltkonsultasjon med helsesjukepleiar.
2 år Konsultasjon med lege og helsesjukepleiar.
4 år Konsultasjon med helsesjukepleiar.
Utleige
  • Brystpumper til mødre med ammeproblem. 
  • Enuresealarm for bruk ved nattevæting.
Andre tilbod
  • Fødsels- og foreldreførebuande kurs
  • Foreldrerettleiing eller kurs som ICDP
Samarbeidspartnarar
  • Fysioterapeut
  • Jordmor
  • Fastlege
  • Barnehager
  • Familievernkontoret
  • PPT
  • BUP
  • Barnevern
  • Habiliteringstjenesten
  • Eventuelt andre aktuelle samarbeidspartnarar.
Barnevaksinasjonsprogrammet

Barnevaksinasjonsprogrammet

Amming

Hvordan ammer du ditt barn?

Ammehjelpen

Film om amming - engelsk  

Kosthald og ernæring 0-5 år

Mat for spedbarn (0 - 12 mnd)  

Mat og måltider for spedbarn

Matportalen: Spedbarn 0-12 mnd

Helsenorge: Amming og mat til spedbarn

Mat for barn (frå 1 år)  

Matportalen

Kostverktøyet

Tannhelse

Film - Happyteeth

Søvn

Film - Søvn hos sped- og småbarn

Søvn og leggerutiner

Førstehjelp og sykdom

Giftinformasjonen

Barn sitt miljø og tryggleik:

0 - 6 mnd

6 mnd - 2 år

2 - 4 år

4 - 6 år 

Foreldrerolla

Foreldrehverdag

Film – Barn og følelser

Film - Forstå babyens signaler og behov

Folkom.no

«Gode råd» - til sped- og småbarnsfamilier  

Andre nyttige nettsider

Helsedirektoratet

Folkehelseinstituttet

Voksne for barn

NHI.no

NAV.no

Tryggmammamedisin.no

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut og er et tilbod som finst på alle skular. Skulehelsetenesta jobber helsefremjande og førebyggjande på individ, gruppe og systemnivå. Helsesjukepleiar har faste trefftider på skulane. Elevar og foreldre kan ta kontakt etter behov. Helsesjukepleiar deltek i det tverrfaglege samarbeidet på skulen.  

Helsesjukepleiar i barne og ungdomsskulen

Trefftid på skulane  

Nedre Ål
Måndag og fredag kl. 09.00 - 14.00
Torsdag kl. 09.00 - 12.00
Kontakt: Randi Torgun Myhre 951 96 799  

Skattebøl skule
Onsdag kl. 09.00 - 14.00
Kontakt: Randi Torgun Myhre
Telefon: 951 96 799  

Torpo skule
Måndag kl. 09.00 - 14.00
Kontakt: Birgitte Skare
Telefon: 992 87 853  

Nordbygdene skule
Torsdag 09.00 - 13.00
Kontakt: Birgitte Skare
Telefon: 992 87 853  

Ål ungdomsskule
Måndag og torsdag
Kontakt: Odveig Varlid Lauritzen
Telefon:992 87 853  

Pris  

Som hovedregel ingen eigenandel. Nokre gonger må brukar betale for utstyr som blir brukt.  

Kva skjer på dei enkelte klassetrinn?

1. trinn Skulestartundersøking i løpet av skuleåret med helsesjukepleiar og lege.
2. trinn

Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (DTP-IPV).

Skriftleg innkalling blir sendt ut i framkant. 

3. trinn Høgde- og vektmåling.
5. trinn

Pubertets-undervisning.

Helsesjukepleiar tilbyr å bistå skulen i pubertetsundervisninga i henhald til kompetansemål innan kropp og helse.

6.trinn

Tilbod om MMR-vaksine.

Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar. Elevane får tilbod om  vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast.

7.trinn

Tilbod om HPV- vaksine - vaksine mot Humant papilloma virus            (2 dosar).

Elevane får tilbod om vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast.  

8. trinn

Helsesamtaler

Elevane blir kalt inn til ein individuell helsesamtale med helsesjukepleiar. Føresette/elevar blir informert skriftleg i framkant og skal fylle ut eit spørjeskjema som tas med til helsesamtalen.

Høgde- og vektmåling. 

9. og /eller 10. trinn

Seksualundervisning.

Helsesjukepleiar tilbyr å bistå i seksualundervisninga i henhald til skulen sitt kompetansemål innan kropp og helse. 

10. trinn

Tilbod om ­­­vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (DTP-IPV)

Elevane får tilbod om vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast. 

Barnevaksineringsprogrammet

Elevane får tilbod om vaksinering på skulen. Føresette får skriftleg informasjon om vaksina og må fylle ut samtykkeskjema før vaksina kan setjast. 

Samarbeidspartnarar:  

  • Familievernkontoret
  • BUP
  • PPT
  • Skole
  • Fysioterapeut
  • Barnevernet
  • Psykisk helse
  • Lege  

Skulehelsetenesta innhentar samtykke til tverrfagleg samarbeid hos føresette.

Andre nyttige nettsider
Nyttige telefonnummer

Alamtelefonen for barn og unge: 116 111

Skulehelsetenesta i vidaregåande skule

Det er  helsesjukepleiar på alle vidaregåande skular. Desse jobbar med førebyggjande helsearbeid og oppfølging av enkeltelevar. Både elevar og foreldre kan ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen sin dersom dei treng hjelp eller har spørsmål om eleven si helse eller trivsel. Helsesjukepleiar har taushetsplikt.

Tysdag 08.00 - 15.00
Kontakt: Birgitte Skare
Telefon: 992 87 853 (Birgitte)  

Helsestasjon for ungdom

Tilbod for unge mellom 13 og 24 år.

Det er gratis og ingen timebestilling, drop in.

Vi har taushetsplikt.

Her kan du ta opp ting du ønsker å snakke om eller lurer på. Vi kan mellom anna rettleie veilede i spørsmål om:

  • seksuell helse, prevensjon
  • klamydiatest
  • psykisk helse
  • pubertet
  • kropp
  • ungdomstid                                     

Opningstid  
Ope på måndagar mellom kl. 14.30 og 16.30

Stad: Ål helsestasjon.
Telefon: 91 66 68 49

Kontaktperson
Helsesykepleier/Jordmor: Anikken Teigen
Ål helsestasjon
Sundrevegen 95,
3570 Ål.
Telefon 32 08 52 90  

Psykisk helse for barn og unge

Målgruppe: Barn og ungdom (0-18 år) som har eller står i fare for å få sviktande psykisk helse og der møte alle barn, unge og familiane deira. Tenesta er lett tilgjengeleg på helsestasjonen, i skulane og ved heimebesøk. Det er eit lågterskeltilbod der alle kan ta kontakt og få ein avtale.

Vi er opne for alle typar henvendelsar og ønsket vårt er at foreldre, barnet/ungdommen sjølv eller andre tek kontakt med oss så tidleg som mogeleg ved bekymring.

Helsestasjon og skulehelsetenesta har i samarbeid med psykisk helseteneste ansvar for førebyggjande psykisk helsearbeid.

Vi gir tilbod om m.a:

  • Kartlegging og samtaler rundt mor si psykiske helse ( EPDS-kartlegging) når mor er gravid og i barselperioden
  • Ulike støtte- og rettleiingssamtalar med målgruppa.
  • Foreldrerettleiingsgrupper ( basert på ICDP)
  • Grupper for barn som har mor og far i kvar sin heim ( P.I.S. – grupper ) på skulen
  • Støttesamtaler ved angst/depresjon m.m. hos barn / ungdom.
  • Ruskontraktar for ungdom under 18 år.
  • Råd, rettleiing og undervisning til skular og barnehagar ved behov / ønske
  • Utarbeiding av individuell plan
  • Koordinering av tenester ved samansette problemstillingar

Viktige samarbeidspartnarar: Fastlegen til barnet, barneverntenesta, familievernkontoret, PPT og psykisk helse vaksne i kommunen.

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk BUP er et tilbod i spesialisthelsetenesta som søker å hjelpe barna og familiane deira. Arbeidet der er organisert som eit poliklinisk tilbod innan psykisk helsevern for barn og unge plassert på Ål evt. Hønefoss. Spe-og småbarnsteamet som er organisert frå Ringerike sjukehus kan kome ut i kommunane for rettleiing i familiar og av fagpersonell.

BUP er først og fremst et tilbod for å ta hand om problem som ikkje kan bli løyst i dei kommunale helsetenestene. Det er nødvendig med henvisning frå helsestasjon/ skulelege eller fastlege.

Fysioterapi barn og unge

Ål helsestasjon har samarbeid med fysioterapeut. Dei fleste av barna som får oppfølging og behandling av fysioterapeut blir henvist frå helsestasjonen eller lege i samarbeid med foreldra.

Foreldre kan også ta direkte kontakt med fysioterapeuten.   Kontaktinformasjon:

Kontaktperson barn 0 - 5 år:
Ragnhild Rauk.
Telefon: 32 08 52 63

Kontaktperson skulebarn:
Mona Sando Telefon:
32 08 52 66

Vaksiner

Reisevaksinasjon Reisevaksiner   Hvis du skal reise utanlands bør du sjekke i god tid om du trenger å vaksinere deg. Ta kontakt så fort du har bestemt reisemål. Nokre vaksiner bør tas i god tid. Vi gir deg råd om hvilke vaksiner du trenger til forskjellige reisemål.

For å sjekke ut meir om kva for vaksiner du treng sjølv, kan du lese på: http://www.vaksinekart.org/ eller Folkehelseinstituttets nettsider

Pris er avhengig av kva for og kor mange vaksiner du skal ha.

Prisliste vaksiner 2022

Frisk på reisen

Reiseklar

Influensavaksine

Meningokokk vidaregående

Smittevern

Personar som i løpet av dei siste tre åra har oppholdt seg samanhengjande i tre månader i land med høy forekomst av tuberkulose av tuberkulose eller har vore utsett for tuberkulosesmitte, som skal jobbe eller hospitere i helse og omsorgstenesta, i lærarstillingar i grunnskulen eller i andre stillingar knytt til barneomsorg (inkludert Au Pair), har plikt til tuberkuloseundersøking. Mal for egenerklæring.

Lovar og retningslinjer

Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.

Klageadgang

Eventuell klage skal sendast Ål Helsestasjon.

Klagen sendast evt. videre til Fylkeslegen.

Evt. kan du klage direkte til Norsk pasientskadeerstatning. 

Jordmortenesta

Her finn du informasjon om jordmortenesta i Hallingdal