Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Krigen i Ukraina

Her finn du informasjon om Ål kommunes arbeid med flyktningar frå Ukraina.

Ukraina flagg

Ål tar imot ukrainske flyktningar

Ål kommune har vedtatt å busette inntil 90 ukrainske flyktningar.

Det er òg inngått avtale med UDI og Stiftelsen Sana om oppretting av mottak på Skarslia hotell fra 20. april 2022 med inntil 160 plassar. Dette er eit akuttmottak der folk blir buande frå nokre veker til tre månader, før dei blir busett andre stader. Stiftelsen Sana skal ha ansvaret for drift av mottaket.

Ønsker du å vere frivillig?

Ål kommune ønsker å leggje til rette for å ta i mot flyktningar frå Ukraina, og ønsker å få ein oversikt over kven som ønsker å bidra som frivillige og kva de kan bidra med.

Ukraina hjerte.png

Kva kan du bidra med?

  • Fadder
  • Klær og sko
  • Utstyr (møblar, leiker, kjøkkenutstyr ol)
  • Språk (kan snakke ukrainsk)
  • Norsk språktrening/språkfadder
  • Matlaging, vaffelsteiking
  • Transport
  • Fritidsaktivitetar for born
  • Andre ting du tenker ein familie på flukt treng

Ønsker du å bidra?
Då kan du registrere deg som frivillig ved å huke av for "Ukrainske flyktningar til Ål" på framsida til Ål frivilligsentral. Når du har kryssa av, får du opp eit registreringsskjema. Har du tankar om kva du vil bidra med, skriv du dette inn i kommentarfeltet.

Vi veit ikkje endå kor mange som kjem og når. Vi veit heller ikkje kva behov flyktningane har, men tek kontakt med alle frivillige som registrerer seg så fort behova melder seg. Det er venta flest kvinner og born til Norge. Desse har opplevd ein dramatisk flukt, og har blitt utsett for ekstreme hendingar. Vi oppfordrar alle til å vere inkluderande og vise solidaritet i ei svært krevande tid. 

Har du spørsmål om å vere frivillig?
Ta kontakt på telefon 90 70 86 37. Telefonen er bemanna på kvardagar frå kl. 8.00-16.00
Epost: frivilligsentralen@aal.kommune.no

Tusen takk for at du ønsker å bidra.

Sist endret: 18.04.2024