Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Flytt til Ål!

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Åldagen, dans - foto Vegard Breie.jpg

Move to Ål! 

Are you looking for information about Ål in English? Please visit our "Move to Ål-" guide.

Kontaktinfo

Ål kommune ynskjer å bistå alle som vil flytte hit med å finne seg arbeid, bustad og eit nettverk.
For spørsmål om å flytte hit kan du kontakte prosjektleiar for Bu- og blilyst, Anne Nordheim.
Epost: anne.nordheim@aal.kommune.no  
Tlf.: 411 81 765

Kvifor Ål?

Ål kombinerer det beste med bygdelivet med eit kultur- og idrettsliv som liknar det ein finn i større byar. Her er det:

  • Lågare levekostnader enn i storbyane – her kan du bruke tida på det som er viktig for deg!
  • Kort reiseveg til skule, barnehage, helse og butikkar
  • Varierte jobbmoglegheiter og behov for deg med utdanning og kompetanse
  • Eit godt miljø for gründerar og deg som vil skape eigen arbeidsplass
  • Daglege tog- og bussavgangar til Oslo og Bergen
  • Eit inkluderande lokalsamfunn der nytilflyttarar er varmt velkomne

Ål kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen. Sjølv om kommunen berre har i underkant av 5000 innbyggjarar, har vi eit stort kulturtilbod som er på høgde med dei fleste norske byar. Ål Kulturhus har både kino, teater, konsertar, danseframsyningar og litterære arrangement. I løpet av året er det ei rekke store kulturfestivalar i Ål.

I Ål finn du også eit stort mangfald av idretts- og friluftsaktivitetar. Vi har ein flott skistadion på Liatoppen, snørike alpinløyper i Ål skisenter, varierte sykkelstigar og milevis med langrennsløyper. I sentrum av Ål finn du også Ål idrettspark Bråta med kunstgrasbaner, friidrettsbane og turstigen Elvelangs. Vi har tre aktive idrettslag: Ål IL, Fjellet IL og Torpo IL.

Det finst ei foreining for det meste i Ål. Sjå oversikta over våre lag og organisasjonar.

Bustad

På Finn.no finn du ledige bustader til sals i Ål akkurat no.

Det er høgt press på bustader til sals og leige og ikkje alt vert lagt ut på Finn.no. derfor bør du også følge med på Facebook-gruppene Leie bolig i Hallingdal og Leie i Hallingdal – leilighet, bolig, lokaler

Og du kan aktivt gå ut og annonsere at du er på leut etter ustad, t.d. med ei annonse i lokalavisa Hallingdølen

Ål har flotte grender som ligg litt utanfor sentrum. Dei strekker seg frå høgfjellet i Vats til Strandafjorden, frå relativt tettbebygd til spreidt bebygd. Bygdene har ofte nærbutikk og skule/barnehage. Frå bygdene er det 10-20 minutters køyring til sentrum i Ål.

Her kan du lese meir om å bu og leve i nokre av grendene i Ål:

Torpo og Opheim

Nordbygdene: Vats, Leveld og Votndalen

Arbeid

Dei fleste ledige stillingar i Ål blir annonserte på Jobb i Hallingdal.

Ledige stillingar i Ål kommune finn du her.

Bedrifter i Ål ynskjer gjerne å bli kontakta sjølv om dei ikkje har averterte stillingar ute. Kanskje har akkurat du kompetansen dei treng. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg å finne bedrifter innan ditt felt.

Ta med deg jobben? For deg som kan ta jobben med på flyttelasset er det ei rekke kontorfellesskap der du kan leige plass i Ål:

Ål kommune har dessutan mange ordningar for deg som vil skape din eigen arbeidsplass. Les meir her, eller ta kontakt med Næringsrådgjevar Staffan Landsmann-Wiwe for ein uformell prat: Staffan.Landsmann-Wiwe@aal.kommune.no

Skule og barnehage

Ål kommune har eit svært godt oppvekstmiljø. Kommunen har god barnehagedekning, med garantert plass når du søker om opptak innan 1. mars.
Les om barnehagar i kommunen her.

I Ål er det fire barneskuler og ei ungdomsskule.
Les meir om skulene i kommunen her.

I lokala til Ål kulturhus finn du i tillegg Ål kulturskule. Her finn du kunst- og kulturfag av høg fagleg og pedagogisk kvalitet. Kulturskulen tilbyr mellom anna klassar i dans, instrument, song, teater og kunst, samt yoga for vaksne. 

Ål vidaregåande skule ligg også i bygda, og tilbyr utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Påbygging til generell studiekompetanse, Salg, service og reiseliv og Teknologi- og industrifag.