Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Museum og kulturminner

deigamlefortel.no

Ål bygdearkiv har lansert den andre delen av dei digitaliserte spolebanda i samlinga vår.
Førre gongen var det musikk-delen som vart gjort tilgjengeleg, denne gongen er det opptaka av gamle folk som fortel frå livet sitt, og om skikkar og merke frå den tida dei levde i, som strekte seg frå 1860-til 1960-talet.
Dei som fortel er frå Ål og Hol. Lars Hallingstad stod for alle desse opptaka, og skapte på det viset ei historisk kjelde som det er vanskeleg å overvurdere verdien av i dag. Sjølve digitaliseringsarbeidet er det Filmprodusentane v/John Storhaug som har gjort, medan arbeidet med å dele opptaka opp i einskildopptak og setja opp sjølve nettløysinga er det Olav Sataslåtten jr. som har stått for, slik tilfellet også var med folkemusikk-opptaka. Sataslåtten har dermed gjort enno eit storarbeid til beste for lokalhistoria, og me skuldar han alle ein stor takk!
Me håpar mange kjem til å få glede av dette kik-holet bakover i historia.
http://deigamlefortel.no/

Neschmuseet

På Ål kulturhus kan du sjå vakker og spennande kunst av den tysk-norske grafikaren Rolf Nesch (1893-1975).

Les meir

Ål bygdamuseum

Ål Bygdamuseum er bygd opp rundt eit unikt, freda gardstun frå 1600-talet. Museet er supplert med andre bygningar som kunne høyre til den gamle garden. 
Ål bygdamuseum består av 32 gamle hus. Stolpehus, loft, fjøs, smie, bekkekvern, badstue, skulestue og stølsbuer, og små og store våningshus, med og utan rosemåling. Innbuet fortel om dagleglivet til tidligare generasjonar.

Les meir

Stavkyrkjemuseet

Ål stavkyrkje vart bygd sist på 1100-talet. I følgje tidlegare 1. antikvar hjå Riksantikvaren Håkon Christie, var stavkyrkja i Ål ein av dei mest interessante mellomalderbygningane i Noreg. Kyrkja var rikt dekorert, og museet har bevarte plankar som gjev døme på fleire dekortypar. Perla i museet er ein kopi av den vidgjetne vestportalen.

Les meir

Torpo stavkyrkje

Torpo stavkyrkje er den eldste og einaste originale stavkyrkja som står att i Hallingdal.

Les meir

Hallingdal museum

Stiftelsen Hallingdal Museum er eit kulturhistorisk friluftsmuseum for Hallingdal, og ei avdeling av Buskerudmuseet. Museet består av 133 antikvariske bygningar og 40 000 gjenstandar fordelt på 6 museum i vakre naturomgjevnadar: Hallingdal Museum Nesbyen, Gol Bygdemuseum, Hemsedal Bygdatun, Ål Bygdamuseum, Dagali Museum og Hol Bygdemuseum.

Les meir

Kulturbeite

Kulturbeite er ei samla oversikt over mangfaldet av kulturskattar i Ål.

Sjå brosjyre

Tingstugu

Tingstugu har mange vakre dekorasjonar.

Sjå brosjyre