Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Lag og foreiningar

Lag og foreiningar Ål kommune

Illustrasjonsteikning 3d man


Her finn du oversikt over lag og foreiningar i Ål kommune:

Oversikt 19.05.2021.pdf

Dersom du ikkje finn ditt lag på denne lista, eller noko er feil, ta kontakt med oss!

 

Fritid Hallingdal

På www.fritidhallingdal.no kan alle lag og organisasjonar legge inn sine fritidsaktiviteter, så det blir enklare for alle å sjå kva ein kan vere med på. Me håpar alle lag og organisasjonar vil bidra til oppdatert informasjon om aktivitetar dei tilbyr og hjelpe til med å spreie nettsida.

Ål Musikkråd

Ål Musikkråd er fellesorganet for all organisert og uorganisert musikkverksemd i Ål kommune, og ligg under Buskerud Musikkråd.

Styret består av:
Leiar Ole Anderson (B-karad'n)
Nestleiar Kjellfred Dekko (Fryd scene)
Kasserar Liv Frøseth (Ål Musikk-korps)
Representant frå kulturskulen
Vara Kjærlaug Pedersen (Ål-koret)
Vara Ulf Arne Johannessen (Ål spel og dansarlag)

Revisor Arvid Bjørke og Inge Løkensgard

Valkomite Odd Larsson Fjørtoft (B-karad'n), Helga Anfinsen (Ål-koret) og Hallgrim Ødegård (Torpo Musikkorps)

Kontaktinfo:
Ole Anderson
oleanderson54@gmail.com
915 60 977

Referat finn du under Politiske saker - Sektoruval for kultur og oppvekst

Ål Idrettsråd

Ål Idrettsråd er fellesorganet for all idrett som er registrert i Norges Idrettforbund og er idrettens talerøyr ovanfor Ål kommune.

Styret består av:
Mette Feten (Fjellet IL)
Bjørn Andersen (Ål IL)
Ola Hefte (Torpo IL)
Gro Molde Lappegard (Ål SSL)
Borgar Gjeitsund (Hallingdal Motorcrossklubb)

Idrettslaga skal utnemne ein aktuell representant til styret i Ål Idrettsråd på sine årsmøter.

Referat finn du under Politiske saker - Sektoruval for kultur og oppvekst

Kontaktinfo:
Mette Feten
mette.feten@hotmail.no
918 60 372

Ål stibyggarlag AS

Ål Stibyggarlag skal arbeide for å realisere stibyggingsprosjekt for sykkel- og fleirbruksstiar/-løyper. Masterplan for sentrumsnær terrengsykling i Ål er grunnlaget og hovudprioritet for selskapet.
Styret består av representantar frå Ål kommune, Idrettslaga i Ål, næringslivet i Ål og grunneigarrepresentantar. 

Kontaktinfo styreleiar:
Eirik Øen
eirik.oen@asplanviak.no
976 77 646

I 2015 starta eit langsiktig og grundig arbeid med å utvikle Hallingdal som ein heilheitleg og berekraftig terrengsykkeldestinasjon. Alle kommunane har ulikt utgangspunkt, og noko ulike mål om kvar en vil med utviklinga. Ål var raskt på banen og såg behovet for ein  kartlegging der målet var å få ei god oversikt over moglegheiter og begrensningar. Eit proffesjonelt konsulentselskap vart hyra inn for å lage ein «Masterplan for sentrumsnær terrengsykkelutvikling». I arbeidet med planen var det nytta stor grad av grunneigarmedvirkning. Planen er å sjå som ei moglegheitsstudie i notidsperspektiv. Det er difor viktig å merke seg at det ikkje er noko mål at alt som er foreslått i planen skal gjennomførast. Likeledes kan det komme til nye tiltak som ikkje er omhandla i planen dersom grunneigar er samd i det, det vil då bli laga eigne konseptplanar.

Masterplan for terrengsykling i Ål finn du her.

Her finn du referat frå møter i Ål Stibyggarlag:
Møteprotokoll Ål stibyggerlag 3.juni20.pdf
Møteprotokoll Ål stibyggerlag 17.juni20.pdf
Møteprotokoll Ål stibyggerlag 7.oktober20.pdf

Referat styremøte Ål Stibyggarlag 23. februar 2021
Referat styremøte Ål Stibyggerlag 3. juni 2021