Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Tilskotsordningar

Kulturtilskot

Jente som dansar. Foto Terje Bjørnsen

Ulike tilskotsordningar: Du kan søkje om tilskot til drift av lag for og med ungdom, til musikkorganisasjonar, til vedlikehald av grendahus og til idrettsarbeid.
Faste tilskotsmottakarar må og sende inn søknad innan 15. desember kvart år.
Søknad om tilskot til prosjekt og einskildarrangement skal vera inne seinast to veker før prosjektet tek til eller arrangmentet finn stad. Søknad om tilskot til integrering av flyktningar kan gjelde både fast og einskilde arrangement. Hjelp med utfylling av søknadskjema får du på servicetorget. 

 

Søknadsskjema for kulturtilskot

Retningsliner for kulturtilskot

Det ligg føre politiske føringar for tildeling av tilskot til kulturarbeid. Både einskildpersonar, grupper, lag og organisasjonar kan søkje på ulike tilskot til arrangement, drift og anna.

Retningsliner for tilskot finn du her

Administrasjonen i Ål kommune arbeidar med ei revidering av retningslinene for tildeling av kulturtilskot til grendehus. Det er derfor ope for alle grendehus å søke om kulturtilskot.
Administrasjonen utarbeidar eit framlegg til nye retningsliner. Endring av retningslinene må vedtakast av Sektorutval for Kultur og Oppvekst. Det er eit atterhald om at retningslinene endrast for at fleire grendehus skal kunne bli løyvd tilskot.

Arrangementsfond

9. Retningsliner for bruk av midlar frå arrangementsfondet  

9.1 Søknad

9.2 Kven kan søkje tilskot?

Organisasjonar, institusjonar og personar i Ål kommune kan få tilskot til å utvikle og realisera arrangement.

Det blir ikkje gjeve tilskot til lands- og fylkesorganisasjonar.

Arrangement som primært har som oppgåve å ta vare på medlemene sine yrkes- og eller økonomiske interesser og organisasjonar som ikkje er opne for alle, kan ikkje rekne med å få tilskot.

Reine kommersielle tiltak har ikkje rett på tilskot.  

9.3 Stønadsvilkår. 

Fondet gjev tilskot til lokale arrangement som har stor marknadsføringsverdi for Ål. Det kan og løyvast tilskot til eksterne arrangørar som ynskjer å ha eit arrangement i Ål. • Tilskot kan løyvast til alle typar utgifter i samband med arrangementet. • 

Same arrangement kan normalt få støtte inntil 3 år. Unnatak kan gjerast dersom vesentlege endringar i arrangementet t.d. nye satsingsområde og/eller marknader er venta å gje vesentleg større ringverknader av arrangementet.

Leiing - Delegering - avgjerdsmynde

Sakshandsaming:
Næringsstyret vedtek løyving på første møte i året.

 

Arrangementstilskot

Frist for tilskot 2022: 15. desember 2021

 Sjå vedtak frå næringsstyret her.

Søknadsskjema for arrangementstilskot

Integreringstilskot

Som eit ledd i arbeidet med å integrere flyktningar i lokalsamfunnet Ål ynskjer kommunen å yte tilskot til dei frivillige lag og organisasjonar som har eit særskild fokus på slike aktivitetar. Søknad om tilskot kan gjelde både fast og einskilde arrangement.

Søknadsskjema for integreringstilskot

Stipend til ungdom

Her finn du meir informasjon om kultur- og idrettsstipend til ungdom 

Dugnadspott Ål Musikkråd

Prosjektmidlar Ål Musikkråd:
Midlane skal støtte musikalske prosjekt i og frå Ål, og kan bli gjeve til lag, grupperingar og enkeltpersonar som er medlem av, eller representerer ein medlemsorganisasjon i Ål Musikkråd.
Søknad om prosjektmidlar kan ein fremje heile året.
Søknaden skal sendast inn før oppstart av prosjekt, og skal innehalde ei prosjektomtale, antatt ferdigdato og budsjett.
Det er ikkje faste satsar for tilskot. Ål Musikkråd står fritt til å vurdere kvar enkelt søknad.
Nye retningsliner for prosjektmidlar vil bli lagt fram for årsmøte 2021.
Ål Musikkråd har og ein konto øyremerka korpsmusikk:
- Midlane kan bli nytta til oppretting av nytt skulekorps
- Lag/grupper som vil starte med korpsmusikk kan søke om midlar frå denne kontoen
- Lag/grupper/einskildpersonar kan søke om midlar til treblåser-/messinginstrument
Midlane blir låst til dette formålet i tre år (t.o.m. 01.01.2023).
Retningsliner for Dugnadspott

Tilskotsordningar for kultur og idrett

Her har me laga ein oversikt over tilskotsordningar for kultur og idrett. Lista vert oppdatert når det kjem nye ordningar eller fristar.
NB: Sjekk alltid søknadsfristane på tilskotsordninga si nettside. 
Tilskotsordningar 29.10.20.pdf