Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

TT-tenesta

Transportteneste for funksjonshemma

Transportteneste er ei fylkeskommunal teneste. Den tilbyr skyss med drosje frå dør til dør for innbyggjarar som ikkje kan eller har vesentlege vanskar med å nytte ordinær kollektivtransport.

Dei som har TT-tenesta treng ikkje søkje på nytt, men blir vurdert i lag med dei nye søkjarane.

Alle nye søkjarar på TT-ordninga må sende med BILDE OG LEGEERKLÆRING.
Funksjonshemminga må vare over eit år. Søknaden blir behandla av ei tildelingsgruppe med 3 fagpersonar frå helse- og omsorgssektoren. Søknadsfrist er 1. februar kvart år. Søknaden sendast til Ål kommune, servicetorget, 3570 Ål.
Meir informasjon og søknadsskjema får ein på servicetorget eller du kan laste det ned her.

Her finn du meir informasjon om tenesta

Søkjaren kan klage på vedtaket. Klagefrist er 3 veker. Klientutvalet er klageinstans