Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Betre tverrfagleg innsats

BTI, betre tverrfagleg innsats, skal sikre at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng.

Kva er BTI?

BTI-modellen er ein samhandlingsmodell til bruk i kommunar for å betre den tverrfaglege innsatsen i og mellom tenester retta mot barn, unge og familiar. BTI skal bidra til at barn og unge med behov for ekstra støtte og hjelp blir sett så tidleg som mogeleg, og at dei får god hjelp og oppfølging.

Gjennom tidleg innsats, betre samordning av tenester, auka kompetanse og innvovlering av barn, unge og deira føresette skal BTI bidra til å styrke kommunens arbeid med barn og unge.

BTI er for barn og unge i alder fra svangerskap til 18 år.