Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

TAKT

- eit nytt tilbod i Ål kommune for gode møteplassar og aktivitetar.

Foto: Ole Johs Brye 
| TAKT |

Januar 2020 opnar Ål kommune eit nytt tilbod kalla TAKT

(= Tryggleik og AKTivisering). TAKT skal vere ein aktivitetsformidlar og ynskjer å bidra til auka samvær og aktivitet blant eldre og andre som av ulike årsakar er utanfor yrkeslivet.

Forutan eksisterande dagsenter som tilbyr ein sosial arena med aktivitetstilbod og moglegheit for mat og trening, vil TAKT også kunne formidle kontakt til aktivitetar og sosiale arenaer rundt om i bygda. Mellom anna ved samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar. Ein eigen TAKT-koordinator vil vere tilgjengeleg på tysdagar og torsdagar mellom kl. 9 – 12. 
Ta kontakt med TAKT-koordinator Birgitte Skare for avtale og evt prat. 
Telefon: 909 35 488

TAKT er ein del av Ål kommune si satsing på gode møteplasser og aktivitetar for innbyggjarane, der det vert tilbydd individuell aktivitetsformidling etter relevans og interesse.TAKT-koordinatoren kan hjelpe til med å finne aktivitetar.

Kommunen har i dag tilbod om ulike dagsenter som kan tilby sosiale aktivitetar, trening og måltid i fellesskap med andre. Det skjer også veldig mykje hjå dei mange lag og organisasjonane rundt om i bygda. TAKT kan vidareformidle kontakt for aktivit etar og eventuelt medlemskap.

TAKT har mål om å vere godt orientert om det som skjer både i sentrum og ute i grendene, og skal vere eit informasjonssenter og ein aktivitetsformidlar. 

Målgruppe

TAKT skal vere eit tilbod som hovudsakleg, men ikkje utan unntak, er tilpassa dei som:

  • Er ferdig med yrkeslivet
  • Har falle ut av det ordinære arbeidslivet
  • Har funksjonsnedsettingar
  • Er brukar av miljøterapitenesta
  • Er i gong med kvardagsrehabilitering etter sjukdom, livskrise eller skade 

Eksisterande dagsenter

Ål kommune har ulike dagsenter.

Dagsenter ergoterapi tilbyr samvær med andre, meiningsfylte aktivitetar, kognitiv stimulering, trim og turgåing, kjøkkent rening, turar og utflukter, samt lunsj og middag i fellesskap med andre. Dagsent eret er ope for heimebuande.

Dagsenter hukommelsessvikt er eit tilbod til heimebuande med kognitiv svikt der målet er å skape eit trygt miljø med mat, fellesskap, tilrettelagte aktivitetar og gode opplevingar som kan bremse eller redusere demensutviklinga. Dagsenteret skal også gi familien støtte og avlasting.

Varmestugu er eit tilbod som er knytt til avdeling psykisk helse og rus. Det er ein rusfri møteplass der alle kan kome, utan tilvising eller timebestilling, for sosialt samvær og aktivitetar.

Ta gjerne kontakt!

Er TAKT noko for deg eller er du interessert i å få veta meir? Send ein e-post eller ring Birgitte Skare for ein prat. Birgitte er tilgjengeleg tysdagar og torsdagar mellom kl. 09 - 12.
Telefon: 909 35 488
E-post: takt@aal.kommune.no

Her finn du brosjyre om det nye tilbodet vårt.