Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

NAV Hallingdal

Koronasituasjonen

NAV Hallingdal har stengt for drop-in besøk på grunn av koronasituasjonen.

Kontorinformasjon for NAV Hallingdal

www.nav.no har åpent hele døgnet

Vi svarer også på telefon 55 55 33 33 kl. 08.00 - 15.30 alle kvardagar

Arbeidsgivertelefonen 55 55 33 36

Haster det kan du ringe vakttelefonen 482 76 130 kl. 09.00 - 15.00 alle kvardagar

---------------------------------------------------------------------------------------------------

Opningstider for drop-in for NAV Hallingdal 

Gol
måndag og fredag 10-14

Flå
måndag og onsdag 10-14

Hemsedal
onsdag og fredag 10-14

Hol
måndag og onsdag 10-14

Nes
måndag og fredag 10-14

Ål
onsdag og fredag 10-14

Me svarar på telefon 55 55 33 33 kl. 08:30 - 15:30 alle kvardagar.
Det er også mogleg å bestille timeavtale.

nav.no har åpent heile døgnet

Besøks-og postadresse Gol:
Gamlevegen 4, 3550 Gol

Vakttelefon 482 76 130 kl. 09:00 - 15:00 ved naudhjelp/krisehjelp dei dagane mottaket er stengt.

Statens tenester i NAV-kontoret

NAV har ansvar for et breidt spekter av tenester og virkemidlar til arbeidsgjevar, arbeidstakera og arbeidssøkera. NAV har også ansvar for ei rekke ytelsar, som kompenserar for bortfall av inntekt eller for særskilte utgifter.

Ditt kontaktpunkt i forhold til disse tenestene vil i all hovedsak være NAV Hallingdal. Du kan koma i kontakt med oss på telefon eller ved personlig henvendelse til kontoret. Ynskjer du nærare informasjon om dei ulike tenestene og ytelsar fra NAV, kan du besøke våre nettsider på www.nav.no. Ei rekke søknadsskjema er tilgjengelig for elektronisk utfylling og innsendelse.

utfører oppgaver på vegne av kommunen og staten. Det lokale NAV-kontoret har ansvaret for fylgjande sosiale tenester:

• Økonomisk stønad (økonomisk sosialhjelp)

• Generelle råd og veiledning

• Kvalifiseringsprogrammet

• Midlertidig butilbod (nødsituasjon)

• Økonomisk rådgivning og gjeldsrådgivning

• Startlån

Startlån

Kan eg får startlån og tilskot ?

Manglar du BankID eller verge? Slik gjer du

Skjema for startlån

 

Økonomisk sosialhjelp

Digital søknad

Her finn du vegvisar for søknad om sosialhjelp

Søknadsskjema 

Vilkår

Ved tilsagn om sosialhjelp kan det vera vilkår som tek sikte på å gjera mottakaren meir sjølvhjelpen.

Til dømes:

•Sosialtenesta stillar vilkår om arbeid og aktivitet for å motta stønad. 
•Du må vera registrert som arbeidssøkjar. Nav Hallingdal kan gje rettleiing om dette. 
•Du må ha sjekka eventuell rett til bustønad frå Husbanken. Informasjon om dette får du ved Nav Gol og Hemsedal 
•Stadfesting frå Likningskontoret (skatteetaten):Har du pengar i banken, aksjar, leigeinntekter, kapitalvarer eller annan formue, kan Nav Gol og Hemsedal kreve at desse verdiane vert brukt eller selde før det kan ytast sosialhjelp.

Teieplikt

Alle tilsette ved Nav Gol og Hemsedal har teieplikt.

Innsynsrett

Du har rett til, med nokon unntak, å sjå dokumenta i di eiga sak. Dette vil du kunne få opplysning om ved å venda deg til Nav Gol og Hemsedal. Du har vidare krav på å bli orientert om gjeldande saksbehandlingsreglar.

Klage på vedtak

Du har rett til å klage på vedtaka som Nav Gol og Hemsedal gjer. Nav Gol og Hemsedal kan hjelpa deg med å setja opp klagen. Dersom vedtaket om avsalg blir ståande, blir saka automatisk oversend til Fylkesmannen. Fylkesmannen har det siste og avgjerande ordet i saka. Alle vedtak er skriftlege og med grunngjeving. Klagefristen er normalt 3 veker frå du har motteke vedtaket.

Klage på sakshandsaminga

Du har rett til å klage om du meinar du får dårleg behandling. Klagen sender du til NAV Gol og Hemsedal.

Økonomisk rådgivning og gjeldsrådgivning

Målgruppa er personar med store gjeldsbyrder i høve til betalingsevna. NAV gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem.

Rådgivinga kan vere 
•hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett
•omfatte forhandlingar med kreditorar 
•hjelp til å inngå ein gjeldsordningsavtale.

Hvis du ynskjer å snakke med en gjeldsrådgiver kan du ringe 800GJELD (800 45 353) eller chat med oss om økonomi. Denne tjenesten er open mellom 10:00 - 15:00 alle kvardagar.

Du kan lese mer om de øvrige ulike tenestene her.

Opplysning, råd og veiledning

Generelt har alle offentlege kontor plikt til å gje opplysningar, råd og veilledning om sin eiga virksomheit (Jf. forvaltningslova §11). NAV - kontoret har i tillegg ei utvida plikt til å gje opplysningar, råd og veiledning som ikkje berre er begrensa til eiget fagområde (jf. Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga).

Les meir om opplysning, råd og veiledning her.

Midlertidig butilbud (nødsituasjon)

Les meir om midlertidig butilbud her

Bustønad

Husbanken og NAV samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er NAV som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Vilkår og meir informasjon

Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du

•er student med barn

•er student utan barn og studiet er ein ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak

•er under 18 år og har eigne barn

Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustøtte.

Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte. 

Inntektsgrenser - Husbanken

Korleis søkje bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.

Her finn du ein informasjonfilm om korleis du søkjer bustønad

Søk bustøtte

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du melde frå skriftleg til kommunen

•dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)

•dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)

•dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden

•dersom bukostnadene endrar seg

•dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til NAV.

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider

Lovar og reglar

Lov om bustønad

Forskrift om bustønad

Sosiale tenester

Besøksadresse:

Gamlevegen 4
3550 Gol

Telefon: 55 55 33 33

Kontaktperson: Nav Hallingdal

Telefon: 55 55 33 33