Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Miljøterapitenesta

Adresse:

Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Prestegardsjordet 23

Miljøterapitenesta 

Hovudnr til Miljøterapiavdelinga : 32 08 54 75 

Avdeling miljøterapi er delt i 2 avdelingar, som gir tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. 

Kontaktperson team 1:
Avdelingsleiar Karin Redalen - 3208 5476
Fagutviklar team 1 - Guri Sissel Breiehagen 3208 5478

Kontaktperson team 2:
Avdelingsleiar Marianne Tretterud Skarpås - 3208 5483
Fagutviklar team 2 - Tina Johansson - 915 27590

Hovudmålet for Miljøterapitenesta er å ivareta brukaren sitt behov for tryggleik, verdigheit, mestring og sosialt liv ut frå den einskilde sine føresetnader. 

Kva tilbyr avdelinga:

  1. Omsorgsbustad med heildøgns tenester til den som har behov for det på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade av andre årsakar.
  2. Avlastningstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  3. Praktisk bistand og opplæring til dei som har et særleg hjelpebehov grunna av sjukdom, funksjonshemming eller som av andre årsaker har behov for eit målretta og tilrettelagt tenestetilbod.

Basen til avdelinga ligg i enden av Prestegardsjordet i Ål.
Der er det 5 bygg med personalbase, omsorgsleiligheiter og avlastningsleiligheiter.

Koordinerande eining (KE)

Her finn du meir informasjon om KE

Dagtilbod og arbeid

Dagsenter - ergoterapi har tilbod om aktivisering og sosialt samvær for eldre og funksjonshemma. Skyss til og frå blir organisert av dagsenteret og skjer med eigen buss eller taxi. Fire aktivitørar har ansvar for den daglege drifta.
Tilbodet er gratis og blir tildelt etter behov. 

Kommunens ansvar overfor pårørande

Til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid skal kommunen tilby nødvendig pårørandestøtte blant anna i form av:

  1. Opplæring og rettleiing

  2. Avlastningstiltak

  3. Omsorgsstønad.

Søknad vert å sende gjennom «melding om behov».

For hjelp til utfylling kan ein ta kontakt med ein av avdelingsleiarane i miljøterapitenesta, fastlege eller KE i kommuna.

Avlastning

Avlastning er lovpålagt med heimel i Helse og omsorgstjenesteloven §3-6 punkt 2. 

Målet med avlastning er at omsorgsytar får avlastning slik at omsorga for den omsorgstrengande fortsatt kan takast hand om i heimen.

Kriterier for tildeling av tenesta:

  • Personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
  • Omsorgsbehovet er av ein slik karakter at den omsorgstrengande ikkje kan vera åleine heile eller delar av døgnet og gir avgrensa mogelegheit til naudsynt og regelmessig ferie og fritid for omsorgsytar.
  • Omsorgsehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter og det må medføre større behov for hjelp enn det som er normalt forventa i forhold til alder ( dette gjelde spesielt barn).
  • Den omsorgstrengande må vera heimebuande eller midlertidig opphalde seg i kommunen.
  • Den omsorgstregande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov som i hovedsak vert teke hand om av privat omsorgsgjevar. 

Avlastning kan gjevast i avlastningsbustad, privat bustad eller heime hos den omsorgstrengande.
Avlastning kan vera på dagtid, kveld eller natt.

Det vert gjeve tilpassa hjelp til den omsorgstrengande etter fagleg og individuell vurdering, og det vert utarbeidd tiltaksplan for alle brukarar.
Avlastning vert vurdert opp mot andre tenester og tiltak som kan avlaste omsorgsgjevar i det tyngande omsorgsarbeidet. 

Forventningar til brukar/føresette:

  • Gje naudsynte opplysningar om omsorgsbehovet. Eventuell fullmakt til innhenting av naudsynte opplysningar slik at behov for hjelp vert ivareteke.
  • Gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket

  • Er sjølv ansvarleg for verdisaker/gjenstander som vert teke med.

Kommunale vilkår:

  • Pårørande/omsorgsytar må ta imot tilbod om tekniske hjelpemidlar

  • Foreldra si omsorgsplikt overfor mindreårige barn skal medreknast før arbeidet kan vurderast å vera omfattande og særleg tyngande.

  • Den som mottek avlastning må ha med seg naudsynt personleg utsyr, medisin og hjelpemidlar som vert brukt dagleg.

  • Tenesta omfattar ikkje transport. Dette gjeld ikkje avlastning for funksjonshemma.  

Praktiske opplysningar

Det er ingen eigenbetaling for avlastning.

Avlastningstilbod etter skuletid (EST)

« Etter skoletid» EST er eit felles avlastningstilbod for born og ungdom med samansette/særskilte behov, i regi av miljøterapitenesta. Vi held til i avdeling Djup på Nedre Ål skule tirsdager fra 14:45-19:00.

Tilbodet følger skuleruta.

EST har ei fagleg pedagogisk forankring i eit sosialt felleskap med fokus på den enkelte sine interesser, ressursar og mestring, i eit triveleg miljø med engasjerte voksne.

Alle får eit måltid varm mat, etterfulgt av aktivitetar som teikning, spel, lese bøker, lytte til musikk, eller å vera ute.
Transport heim inngår i tilbodet om det er ynskjeleg.

Ta kontakt med KE eller avdelinga for meir informasjon om tilbodet. 

Søknad vert å sende gjennom «melding om behov» .

 

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) innebærer ein annan måte å organisere personleg assistanse på, i form av praktisk bistand og opplæring i praktisk bistand. Også andre tenester kan inngå i en BPA-ordning dersom det kan gjerast forsvarleg og kommunen vurderer det som hensiktmessig. Ordninga gir brukaren større innflytelse på organisering og styring av tenestene.

Spørsmål rundt BPA kan rettast til konsulent fagutvikling i kommunen, 32085000.

Søknad vert å sende «melding om behov».

Støttekontakt

Støttekontakt er ein person som får godtgjersle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske slik at han eller ho kan ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid. Aktivitetar kan vere å kome på besøk heime, bli med på kafe, kino, konsertar, trening eller andre sosiale aktivitetar.

Brukaren dekker eigne utgifter ved fritidsaktivitetane, og ordninga er friteke for eigenandel.

Dei som ynskjer å få ein støttekontakt må sende søknad gjennom «melding om behov» .

Spørsmål rundt ordninga med støttekontakt kan også rettast til avdelinga eller KE i kommuna.

 

 

Miljøterapitenesta

Besøksadresse:

Prestegardsjordet 23
3570 Ål

Postadresse:

Torget 1
3570 Ål

Telefon: 32085475

Kontaktperson: Team 1/Karin Redalen

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 3208 5476

Kontaktperson: Team2/Marianne T. Skarpås

Tittel: Avdelingsleiar

Telefon: 32085483