Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Logoped

Plakat logoped
Informasjon om logopedtenesta
  • Logopedtenesta er retta mot helse og omsorg og vaksne.
  • Tenesta gjeld for alle dei seks kommunane i Hallingdal.
  • Tenesta skal fordelast prosentvis mellom kommunane ut frå antall innbyggjarar.
  • Logopeden arbeider tett opp mot Hallingdal sjukestugu og rahabiliteringa der ved aktuelle forløp.
  • Logopeden skal i tillegg vere tilgjengeleg for helsepersonell på institusjonane i Hallingdal. Enten ved kurs og undervisning, eller bistå med tilrettelegging rundt enkeltsituasjoner.
    Institusjonane kan sjøl ta kontakt med logopeden og gjere avtale.
  • Pårørande kan også gjere avtale med logopeden for å få råd og rettleiing.
For å få time hos logoped treng du henvisning frå lege eller spesialist. Ta kontakt med fastlegen og han vil henvise deg vidare.
Logopeden har kontor ved Ål Legekontor. 
Kontortid med klinisk arbeid frå måndag til torsdag frå kl. 08.00 – 16.00.                      Fredagar kun kontortid men kan nås på mail og telefon.
Logopeden er ikkje tilgjengeleg når han har konsultasjonar. 
Kven kan ha bruk for logoped? 
  • Pasientar med AFASI etter hjerneslag, ofte med følgevanskar som ordleiting, taleapraksi, dysartri og dysfagi.
  • Parkinson-pasientar som treng hjelp til å vedlikehalde stemmekvalitet.
  • ALS pasientar for å jobbe med pust, tale og tilrettelegging av alternativ kommunikasjon.
  • Ulike stemme- og talevanskar som har oppstått grunna stemmebruk, sjukdom eller skade.
Telefon: 48217774
E-post: sissel.gjerland.ekra@hallingdal.no