Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Koordinerande eining

Illustrasjon 3d man

Koordinerande eining (KE)

Personar med behov for samansette og langvarige tenester, deira pårørande, samt tenesteytarar kan ta kontakt med KE.

KE i Ål kommune skal bidra til at det blir gitt eit heilskapleg, koordinert og planlagt tilbod i tenesta, men det skal ligge føre et samtykke frå personen det gjeld. KE er organisert innanfor sektorane helse og sosial og oppvekst og samarbeider med alle avdelingane innan helse- og sosialetaten.
Aktuelle samarbeidsinstansar er til dømes legetenesta, helsestasjonen, fysio- og ergoterapitenesta, avdeling for psykisk helse, pleie- og omsorgstenesta, miljøterapitenesta og NAV. Vidare samarbeider KE med barneverntenesta, grunnskoler, barnehagar, vidaregåande skuler, PPT, oppfølgingstenesta og attføringsbedrifter.

KE i Ål kommune har blant anna følgjande oppgåver:
• Oppnemning av koordinator og ansvarsgruppe
• Rettleiing og opplæring av koordinator
• Overordna ansvar for individuell plan
• Oversikt over både kommunen og spesialisthelsetenesta sine tilbod til målgruppa.

Koordinator: Ordninga med koordinator skal sikre at det til ei kvar tid er ein person som har hovudansvaret for oppfølging av pasienten eller brukaren. Koordinator har også ansvaret for igangsetting av arbeidet med individuell plan når det er ynskjeleg. Ved val av koordinator skal det takast omsyn til pasienten eller brukaren sine ynskjer.

Individuell plan (IP): Innbyggjarar i Ål kommune med behov for koordinerte og langvarige tenester har rett til å få utarbeidd ein IP.
Planen skal gi ein oversikt over personen sitt behov, tiltak og kven som er ansvarleg for tiltaka. Spesialisthelsetenesta har ansvar for å medverke i planarbeidet dersom dei er involverte. Ål kommune nyttar nettbasert IP (SamPro).

Ansvarsgruppe: Der ein person har behov for koordinerte tenester er en vanlig samarbeidsform ansvarsgruppe. Ein ansvarsgruppe blir oftast satt saman av ein representant frå kvar instans som er innvolvert i saka, i samarbeid med pasient eller brukar.

Eininga har kontor i avdeling Ergo- fysioterapi og har trefftid i hovudsak onsdagar og torsdagar kl. 09-15. Er elles tilgjengeleg via Servicetorget i kommunen.

Kontakt:
Tina Johansson: 915 27 590
Anne Berit Gudbrandsgard: 997 99 034
Servicetorget: 320 85 000

 Melding til KE