Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Folkehelse og førebygging

Folkehelse

Det overordna målet i folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, og å redusere sosial ulikskap i helse. Samfunnsdelen av kommuneplanen er eit fundament for helsefremjande samfunnsplanlegging. Tiltaka vil vera tverrsektorielle, ofte i samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar og retta mot alle innbyggjarar eller grupper av befolkninga.  

Kommunen har ein eigen folkehelsekoordinator:
Hilde Nysæther Frantzen, hnf@aal.kommune.no mobil: 90 17 52 05

Folkehelseprofilen 2020

Tema for årets folkehelseprofil er Sosialt berekraftige lokalsamfunn. Det handlar om å fremme ei samfunnsutvikling som set menneskelege behov i sentrum, gir sosial rettferd og like livssjansar for alle, og legg til rette for at dei som bur i lokalsamfunnet kan påverke forhold i nærmiljøet og elles i kommunen.

Nokre trekk i folkehelseprofilen for 2020:

• Ungdommen kjenner seg trygge og er nøgd med lokalmiljøet, men dei er misfornøgd med kollektivilbodet. 

• Andelen av befolkninga i Ål som stemmer ved val ligg litt høgare i Ål med 70 %, enn snittet for Viken fylke med 63%.

• Det er litt fleire i Ål enn på landsbasis som leiger bustad i aldersgruppa 45 + 

• Tal barn (0-17 år) som bur trongt er litt lågare (15 %) enn landet (19 %). 

• Det er god kommunal drikkevassforsyning, og luftkvaliteten er god.

• Det er ein svak nedgang i tal barn som veks opp i låginntektshushald, og litt under landssnittet. Men her må ein hugse at små endringar i små kommunar gir relativt større utslag i statistikken. 

• Når det gjeld helse og sjukdom ligg Ål si befolkning om lag på landsnivå, men ein lågare andel med psykisk sjukdom vanskar. 

• Forventa levealder for kvinner er fortsatt høg.

Frå Livskvalitetsundersøkinga i Hallingdal 2019 viser svara frå ålingane innan tema tillit, tilhøyre og tryggleik følgjande: 

• 93 % føler seg svært trygge ute i nærmiljøet
• 69 % føler sterk tilhøyre til staden dei bur
• 49 % har stor tillit til sine medmennske
• 64 % av ålingane føler seg svært trygge på hjelp frå det offentlege ved sjukdom eller skade, og er noko høgare enn i Hallingdal som heile med 57 % 

Folkehelseprofil for Ål kommune 2020

Rapporten Pilotundersøkelse om livskvalitet i Hallingdal, 2019 finn du her. 
Oversikt folkehelse i Ål.pdf 

Hallinghelse

Kommunane i Hallingdal har også gått saman om ein felles folkehelsekoordinator

Her finn du lenke til Hallinghelse 

I tillegg driv det interkommunale Miljøretta helsevern Hallingdal eit arbeid for å sikre at miljøet rundt oss ikkje gjev skade, sjukdom eller helseulempe.
Her finn du lenke til Miljøretta helsevern i Hallingdal 

Leve heile livet

Leve heile livet er ein kvalitetsreform for eldre, med målgruppe 65+. Reforma skal gå over ein 5-års periode med oppstart 1.1.19. 

Du finn meir informasjon om prosjektet her

Førebygging

Førebygging er tiltak retta mot sjukdom og helseulemper, enten for å unngå sjukdom eller for å meistre sjukdom på ein betre måte. Førebyggjande tiltak er individretta eller grupperetta. 

Arbeid med førebygging skjer på ulike stader. Alt helsearbeid, enten det er i omsorgstenestene, behandling eller under psykisk helse, vil ha innslag av førebygging. Dei viktigaste aktørane er likevel: