Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Bu- og blilyst

Alle som bur i Ål kommune skal trivast!

Illustrasjonsteikning Bulyst

Ål kommune har fokus på «Bu- og blilyst».
Ei prosjektgruppe held i dette med mål om å samarbeide for at alle som bur i Ål skal trivast og blir verande i kommunen vår. Vi bygger samarbeidet på «Kommune 3.0» tenkinga. Kort fortalt inneber det at kommunen vil samarbeide med innbyggjarane om å skape velferd og trivsel.

Det er viktig for alle å føle tilhøyrigheit og bli inkludert. Det fekk vi og vite då prosjektgruppa intervjua og arrangerte workshop med eit utval tilflyttarar i haust. Dei ynskjer seg fleire møteplassar og betre informasjon om kva som skjer i Ål.

Den 25. mars arrangerer vi velkomsttreff for dei som har flytta til Ål i perioden mai-desember 2019. Dei får invitasjon i posten om dette, og må melde seg på.

Framover vil vi jobbe med å involvere ungdom, frivillige, grendeutvala og andre organisasjonar inn i arbeidet, og samarbeide om tiltak som møter behova.
Har du tankar, idear og forslag som du ynskjer å formidle til oss, send gjerne ein e-post til postmottak@aal.kommune.no Merk med «Bulyst»