Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Innskriving til grunnskulen

Føresette som har barn som skal byrje i grunnskulen august 2018 har motteke vedtak om innskriving Dette gjeld barn født 2012 og barn med vedtak om utsett skulestart som har folkeregistrert adresse i Ål.

Føresette som ikkje har motteke brev med vedtak om innskriving innan 15. desember, og elevar som flyttar til kommunen i tida fram mot skulestart, må skrive seg inn ved å nytte elektronisk skjema. Dette for at alle elevar som skal byrje ved grunnskulen skal få vedtak om innskriving og kva skule eleven skal byrje ved. Det elektroniske skjemaet finn du her.