Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vegvedlikehald

 Teikning av veg

Bilete 1: illustrasjon skogsbilvei (F. C. L 2015)

Vegvedlikehald

Skogsbilvegane har det tøft for tida etter mykje lokal nedbør. Grøfter, stikkrenner og veglegeme vert utsett for tøffe påkjenningar og det er difor særs viktig at vegeigar/oppsynsmann følgjer godt med på vegane sine. Tette eller delvis tette stikkrenner og dårlege grøfter er som regel skuld i store skader på vegnettet.

Lokalt har det vore store nedbørsmengder som har gjort at godt dimensjonerte stikkrenner/kulverter ikkje har klart å halde unna, sjølv om vatnet har hatt fri gjennomstrømming utan hinder.

Mesteparten av skadene som oppstår på skogsbilvegnettet, skyldast manglande vedlikehald og ettersyn på dreneringssystemet i vegen, og i nokre tilfeller dårleg anlegging av vegen.

Uansett må ein ta vare på det ein har, og ein kan spare seg for mykje unødig tidsbruk og kostnader ved å ta seg ein ekstra tur og sjå på tilstanden til vegen. 

Som bilete 1 syner, så er den øverste teikninga døme skogsbilveg med manglande vedlikehald, og dårleg utført anlegging av vegen.

Den nederste teikninga på bilete 1 syner korleis vegkroppen skal sjå ut.

Vegen sin kuv (tosidig tverrfall) skal opparbeidast i vegens planum og bærelag, sånn at kuv vert oppretthalde heilt opp til køyrebanen. Vegens kuv skal ikkje dannast i slitelaget, men vedlikehaldast, og er heilt avgjerende for å halde vedlikehaldskostnadene på eit minimum. Overflatevatn skal renne lettast mogeleg av vegbanen og ned i grøfter. Dette vil ikkje skje, dersom vegbanen er flat eller har tydelege køyrespor. Dersom det i tillegg er vegetasjon på vegskulder som hindrar vatn i å renne ned i grøfter, vil vedlikehaldskostnadene fort mangedoblast.

Stikkrenner er ofte anlagt feil. Kravet til overdekjing oppfyllast ikkje, det vert lagt renner med for liten dimensjon og i mange tilfeller leggjast det for korte renner. Dette kan fungere ei lita stund, men etter noko klima- og trafikkslitasje vil det oppstå problem, og dette vil føre til unødvendige skadar

teikning av vegkropp 

Bilete 2: illustrasjon veikropp veiklasse 3, 4 og 5 (F. C. L 2015)

Bilete 2 syner korleis stikkrenner skal anleggjast. Dette er viktig å kontrollere uansett om einn setjer bort anleggsarbeidet eller gjer det sjølv. Det er ein stor fordel å anlegge sandfang under innløp, slik at ein enkelt kan renske opp i lausmassar som samler seg framom innlaup. Eit slikt sandfang bør være sopass stort at ein lett kan reinske med gravemaskin, hvis ikkje vert det ikkje gjort. Det vil føre til at lausmassar vil gå inn i renna og redusere vassgjennomstrauminga.

Overdekning på stikkrenner skal målast frå topp av rør og opp til køyrebanen på vegskulder. Dette skal målast ved innlaup.

Dimensjon på stikkrenner skal målast innvendig, ikkje utvendig. Vær merksam på at enkelte leverandøraer kan operere med utvendige mål ved forespurnad, slik at 300 mm kan vera utvendig målt, og innvendig dimensjon kan då vera 260 mm.

Det vert tilrådd å anlegge så stort rør ein har plass til, så sant overdekninga vert oppfylt. 

Det er særs viktig å klargjere vegen for snøsmeltinga til våren. Uansett om vegen brøytast gjennom vinteren eller ikkje, så vil det vera smeltevatnn som skal ut av vegibanen. Dette vatnet renn fortare av vegbanen dersom det er riktig kuv. Difor må ein sjå til at riktig kuv oppretthaldats ved siste skraping før snøen legg seg. 

 Bilete av skader på skogsbilveg