Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

SMIL - særskilte miljøtiltak i landbruket

Frist for å søkje tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er 1. oktober og 1. april kvart år.

Ein kan søkje om støtte til tiltak for å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet, t.d. rydding av beite og istandsetting av gamle bygningar, til gjennomføring av tiltak som tek vare på spesielle artar i kulturlandskapet eller til prosjekt som gjer kulturlandskapet meir tilgjengeleg for alle.
Det kan òg gjevast tilskot til gjennomføring av prosjekt for å redusere forureininga frå jordbruket. Omsøkt tiltak skal gå ut over det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift.  

Det er eige søknadsskjema for SMIL. Det er viktig å leggje ved kart, foto og kostnadsoverslag.
Søknadsskjema finn du på Statens landbruksforvaltning sine sider

Ferdig utfylt søknad med vedlegg sender du til kommunen der tiltaket skal gjennomførast.  

Ta gjerne kontakt med Ål kommune, tlf. 320 85 000, for meir informasjon om SMIL. SMIL- ansvarleg er Åsne Brattåker Håheim. asne.brattaker@aal.kommune.no